Viser innlegg med etiketten På tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten På tur. Vis alle innlegg

søndag 26. februar 2023

Ein liten miniferie til Bergen


Mykje tid til kaffi. ulike kaffibarer vart testa ut.....
 

 Fjåk 



Tid til strikk . Både sosial strikk som Penny gloves  i kashmir og  mønsterstrikk. Hollykjolen  som egner seg best når ein er åleine .......





Her er samling fint rød/lilla garn  Årets farge sa dei på Norwegian Spirit....Tenk så fantastisk min fargeskala er årets farge........ Fin er den iallefall :)))

Norwegian Spirit strikk &garn vart mellom anna besøk. I tillegg til tre fire andre strikkebutikker i Bergen. Mykje inspirasjon men klarte å ikkje kjøpe garn...... 






Diverse skjell og fiskeretter på Allmuen. Fekk til og med plukkfiskkaker. 


Kjekt med litt midtveke ferie. 

Klem
Lilla dør

tirsdag 9. august 2022

Innom Oslo og Kathrines quiltestue


Var innom Kathrines Quiltestue i sommar. Deler litt inspirasjon... dette teppet som hang ved inngangen fekk eg lyst å sy av all Kaffe Fasset stoffet eg har liggande..... men det står ikke fyrst i køen. Har litt bestillinger inne..... bestemorsøm


Mykje fint....



Laura Heine design



Denne stoffpakken vart med heim. Kan motstå alt unntat fristelser. Det enda med at heile syklubben min kjøpte lik så no blir det teppe sying i haust på klubbkveldane.  


Her ein variant av teppet som pute


Denne har eg veldig lyst starte med ..... blir fin på hytta og som øvelse på denne teknikken.






Dette hadde vert kjekt å syd ein gong.... Må starte med samle motivstoff.  

Klem 
Lilla dør


mandag 6. desember 2021

Drivhusbageriet




Eg og gubben hadde oss ein tur der 2. søndag i advent. Fin vinterdag på Jæren men kaldt. Stemninga vår god på Drivhusbageriet.
.


Fekk kjøpt oss kvar vår kopp med sjokolade med krem...Smakte fantastisk.


Fekk til og med plass ved ei bålpanne.





Kem
Lilla dør

 

mandag 31. mai 2021

På Kanotur med bestemorgulla og dokkene deira


Redningsvestane passa perfekt. dei vart veldig godt mottatt av bestemorgulla. Då hadde dokkene redningsvest lik dei sjølv...... me hadde ei fantastisk helg med kano og teltliv. Med 25 grader og sol. fekk ikke testa ut flyte effekten på redningsvestene. 


Her er me klar for padletur med vest til dokkene........



 




Her er det babyliten som er klar for padletur på Eiavatnet!

Kjempe kjekt å sy til bestemorgulla når det vert så godt mottatt. 

 Klem
Bestemor

søndag 18. april 2021

Søndagsføremiddagstur til Håtangen


Nydelig vårdag her på Jæren. Me hadde ein fantastisk fin tur til Håtangen.
 

Håtangen slik eg kjenner den fra postkortet som eg har brukt som motiv til bildeveven eg held på med Snart ferdig noko den i grunnen har vore sidan jul. Tar tid :)






Eg har ca fem cm igjen. Har tenkt å ha ensfarga sommerblå himmel. Nett slik som det var idag.



 Klem
Lilla dør

søndag 22. november 2020

Ein gråstein kan brukast til mykje


På ein av mine faste turstiar fann eg her om dagen ein stein som var delt i to .......nesten heilt loddrett. Den måtte me bare ha. Så vi fekk kvar vår eg og turfølget mitt:) Steinen var ca 25x 20cm.



Haust på Jæren 


Eg har limt nokre møbelknotter under slik at den er skånsom mot bordet og står stødig. Iallfall når eg har tenkt å ha den som lysestake/adventstake.


Heilt spesielt at den var delt slik vassrett av......


Flott stein i nydelig grå og glitterfargetoner


God adventstid når så langt kjem................ bare ei veke igjen. 
Blir kjekt med meir lys rundt ute og når julelya kjem på

Klem
Lilla dør

tirsdag 14. april 2020

Litt påskemimring i bilder


 Påske er grunnen ei fin tid.... ei heil veke ferie. Det vårast og ein kan vanlegvis få reise på hytta. Sjølv om vi måtte vere heime iår.....vart det ei fin og god påske. Fekk fine turer i nærmiljøet saman med barn, svigerbarn og barnebarn.


 Mykje påskesnop


 Pynta på terrassen med friske blomster og kranser


 Desse hønene flytta inn hjå oss.... veldig fornøgd med dei. 


 Julebusken vart påskebusk



 Mange turer på standa...fantastisk plass....



 vaffel på terrassen


 litt trim inn i mellom for nokre


 eggekoking 



Klem

Lilla dør