Viser innlegg med etiketten Puter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Puter. Vis alle innlegg

onsdag 10. januar 2024

Endelig litt søm igjen


Nytt år og nye muligheter heiter det vist. Blitt lite blogging og lite tid på syrommet. Men i føremiddag hadde eg ein time, kjende det gjere godt og resultatet vart denne puta. Sjølve snømannen sydde eg av vatt. Ikke mønster men bare klippa i vei......... 


Tenkte eg skulle ha ho på trappa i stolen der inn til videre. I dag var sola innom stolane der. Tenk ein kopp kaffi der i sola.


 Klem
Lilla dør

torsdag 23. november 2023

Julepute


Design Joan Hoffmann.  Mønsteret heiter Gnome for the holidays. Eg hadde lenge tenkt å sy den. Eg forenkla framstrykket ved å sy det av eit stykke
.

Puta vart ganska stor ca 100cm x45cm. Som innmat rulla eg ei barnedyne......man tager det man haver  heiter det visst.


Kjekt med applikasjon. Sydde motivet på med tungesting med maskin. 


 Klem 
Lilla dør

søndag 17. oktober 2021

Puter i Designers Guild sitt stoff

 


Fekk tre stykk av eit stoffstykke eg hadde :)


Sjå dei fine fargane i blomstrene... eg digger det.



Fått plass i sofaen. Har i grunnen lova bort den eine puta.



Har hatt stoffet ligande på lagring sidan eg var i London i god tid før koronaen. Då me kunne reise til London. og då måtte eg innom butikken deira der.


det gjalt å utnytte stoffet godt.....



Klem
lilladør

søndag 11. oktober 2020

Eit lite og kjekt syoppdrag.



Om eg fekk spørsmål om å sy eller eg tilbydde meg er eg usikker på :) men eg har iallfall sydd trekk på sitjepute på ein kjøkkenbenk. Nokre av mine håpefulle er på flyttefot og held på å pusse opp. Eg har sydd trekk til nokre puter til ha i benken. Til sjølve sitteputa brukte eg vaska og brukt linduk.....ferdig krympa og fast i stoffet. 



Den eine puta brukte eg Designers Guild stoff .... ein av mine favoritt designarar.  Stoffet kjøpte eg på ein Londontur ei tid tilbake. 


Dette stoffet har og lege i stofflageret mitt på modning. Det er fra ein New York - tur endå lengre sidan. Visst på tide eg får brukt nokre av stofskattene mine. Den tredje puta er i lin lik sitteputa.



Hortensia :) se fargane og kor lik stoffet er ein ekte blomst som er fra hagen.



På plass


Trekka både på putene og sitteputa er med glidelås, slik at det er lett å  ta av og vaske. 
Innerputene er 50 X 50 dunputer fra Ikea 


Klem
Lilla dør
 

onsdag 10. juni 2020

Kjøpte meg litt nye puter på terrassen


 På lørdag var eg innom handelssenteret på Klepp. Mellom anna hjå Kid Interiør. Fann masse kjekke puter til 50%, det liker eg ...kupp som eg plar seie :)) Betalte nesten ikke meir for ferdig sydde puter med  trekk enn eg til vanleg ville  ha betalt for innerputene viss eg skulle ha sydd sjølv....
Det var månadens reklame.


 Desse lange fine putene  med bilder som kunne vore tatt fra stranda rett ned forbi her.... Jærstrendene (minna meg veldig på dei). Eg kjøpte med litt breitt bendelbånd aom eg syddepxå til håndtak på putene, så kan eg henge dei som "bilder" på veggen når vi ikke bruker dei som sitteputer på benkene eller i trappa på terrassen.
Kjøpte dei ensfarga og. Dei var det hank på. Dei putene er sydd i vannavtøytande stoff, perfekt for vestlandsværet då benkene stå ut utan tak. I tilegg kan dei då hengast vekk når dei ikke er i bruk på ein lur plass  :) ....kanskje. Ennå ligge dei på terrassen me få se kva det blir til :)




 Klem
Lilla dør

onsdag 22. mai 2019

Nye puter .........syoppdrag til fornying av ein terrassesofa


 Eg sydde nye puter og madrass-trekk til hage/terrassesofaen til nokre av dei håpefulle. 


 Fyrst skar dei opp  skumplastmadrasser i 5 store puter ..... til vinkelsofaen. 


 Vi brukte stoff frå Stoff & Stil som var berekna til utemøbler slik at dei var belagt med teflon. 



I tilegg til den blomstrete puta sydde eg seks sju andre puter til ha i ryggen.... gler meg til å sjå dei i bruk.
 Håper på ein eller fleire kaffekopper i sola i løpet av sommaren..... tenk det er snart sommar ....gler meg.


Klem lilla dør

onsdag 3. oktober 2018

Designers quilt puter


 Eg har hatt liggande litt stoff frå Designers Guild frå eg var i London sist. Til godgjerning/modning. Designers Guild er ein av mine favoritt designarar. For dei som følger meg og kjenner meg er dette gamalt nytt. No kan eg få fatt i stoffet deira pluss pluss både på Forus og i Førde.


 Eg sydde desse to i helga. Har litt igjen av stoffet......blir nok ein prosjektpose til strikketøyet mitt:)



 Flott stoff som passar perfekt hjå meg.


 Sydd ein kant rundt putene.





klem
Lilla dør

søndag 30. september 2018

Masse putesying denne helga



Har sydd tre puter som gåve (litt bestilling), gleder eit morshjerte. Den bakerste er i ullstoff , så velur, og den øverste er jersey og linstoff. 


Dette velurstoffet kjøpte eg på Fretex. I fjor trur eg det var. 1,5 meter,  nok til tre puter for kr 29,- ( eit kupp)



Eg brukar å sy glidelås i putetrekka


Framside i jersey (restestoff) og lin til bakside.


Klar for levering neste helg.
Klem
Lilla dør

fredag 29. desember 2017

Ny tapet og puter...... Ellietapet





 Ellie Cachman designstore blomster tapet, kjøpt på nett frå Nederland.
Blomane er nesten 50 cm store. veldig fornøyd med tapeten då eg fekk den på veggen.



Passsa perfekt til sjeselongen far min laga til meg for mange år sidan.





 Betilte også velur stoff med samme trykket. det har eg sydd putetrekk av.




Legg merke til amaryllisane med velur trekk....måtte bare snope dei..... 

Klem
lilla dør