Ferietid og ut på tur! Mellom annna var eg innom Stockholm i eit par dager, og sjølvsagt måtte eg ha med meg nokre garnbutikkar og i tillegg kom eg over nokre spennande design stoffbutikker;
I Gamla Stan fann eg Stina Jakobsson Design. Ho selde både klede og stoff. Eg kjøpte med meg nokre stoffbitar. Kanskje blir det tunika av den eine. Stoffa hadde motiv som var stempla på via voks.
Ein annan butikk eg kom over var "10 Swedish designers "på Södermalm som hadde helde på sidan 1970 med design og trykk av ulike stoff.
I Gamla Stan var det og nokre spennande små strikkebutikkar. Den eine selde tynt ullgarn og ein del lingarn.
Her "silke garn". Såg meir ut som stoff remser. Har tenkt å bruke det til kantar av ulke typer. Gler meg til å prøve.
Mykje flott lin i Sverige i ulike kvaliteter. Både som stoff og garn. Her er eit veldig grovt linstoff - såg mest ut som strie. Måtte bare ha med meg i ubleika og kvit. Ser for meg løpar, kurvertbrikker og hånddukar. Stoffet kom eg over på ROOM. Ellers var det mange flotte interiørbutikker bl.a. Bruka, Dis og Koffert i Humlegårdsgatan.