Viser innlegg med etiketten strikk ferdig 2015. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikk ferdig 2015. Vis alle innlegg

onsdag 30. desember 2015

Jule- og desemberstrikk i familen:)



 Eg ser og det kjennes godt. Dei håpefulle er snart meir strikke gale enn meg sjølv......dei strikkar og kosar seg med det. Denne gule genseren har ei av mine prinsesser strikka ferdig no i juleferien. Vart kjempe lekker på ho.


 Kompelompeskjørt har den andre prissessa strikka ferdig no.
Knallfint.


 Same prinsessa har strikka denne svaledanslua. 


Desse tøffe og flotte "skitt fiske" sokkane har svigermor strikka til meg. Legg merke dei fine fargane ho har brukt. Det må bare bli hyttesokkane mine.


 Her er det nissegubbelue som blir til. Strikka også ved bålpanna så dette må jo bli ein ekte kubbenisse også med lukt:)




Ho klarte å bli ferdig med den og......


 Desse to laga eg i romjula...den eine skal flytte til Eikefjord. Eg fann ein perfekt heim til den der. Den største gubben her er ca 40 cm høg og minst 14 cm i diameter. den blir nok ståande er på hytta, den høyrer heime her. 


 Eg har ei strikkeglad og flink tante som har passert dei 90 men strikkar som aldri før. Lager eigne design og mønster. Eg er so heldig at ho stadig fyller opp lubbe korga mi her på hytta... noko eg er veldig takknemlig for. 


kjempefine og knallgoé



Ha forsatt ei fin romjul med eller utan strikk....

romjulsklem
frå ei stolt mamma

mandag 7. desember 2015

To bjørkekubbenissar foreløpig.......blir nok fleire



 Eg er usikker på opphavet til idéen. Det er ikkje Lilla dør design men eg har vel laga min vri på dei.........forenkla dei mykje. Det enkle er og ofte det beste, er det ikkje det reklamen seier.


 Desse har ei trekule til nase den neste får ei lerkekongle,  kult det og. 
Kjekt strikkearbeid no i desse førjulstider.......
og fin måte strikke opp av restane. 



De trivst godt ute her ved sida av fjoslykta. Desse blir nok med på hytta for å laga stemning der. Passar perfekt der 



Ha ei fantastisk fin og kreativ førjulstid!

Klem
Lilla dør

tirsdag 22. september 2015

Dorthe Skappel strikk....



Eg har strikka jakka/kåpa Marthe til Dorthe Skappel til ei av jentene mine.
Eg stikka den i Suri alpakka, Mini alpakka og Myk.


Klar til bruk ....blir ei lun og varm jakke til kalde haustdager. 




Viktig med signatur 
Fortsatt kjekt å strikke til jentene sjølv om dei no etterkvart strikkar mykje sjølve.


Sjå desse fine hortensiaene ved trappa som er i ferd me å skifte farge frå knall blå til lilla:)
Kjempe fin farge attåt steinen som også var perfekt plass for fotografering av jakka.


grått i grått




Bilde i frå boka der dei strikka i same farga som eg.


Oppskrifta er henta frå denne boka ......Marthe jakka er
strikka på pinna nr 7.  Oppskrifta er one size


Mamma klem

mandag 21. september 2015

Tilbehørstrikk


Eg fekk denne pakken med tråd, mønster og knappar til pulsvarmarar då eg fylte år i sommar.  Jillt å strikke og blir nok gode og varme til vinteren.
Strikka det i Hexa frå Du store alpakka. 100% alpakka.





Denne lilla hortensiaen var eg ute i hagen og plukka. Hortensiaen er bare heilt fantastisk i år. Rikt blomstrande i ulike fargar.


Eg strikka ny genser til gubben i sommar

No har strikka laus hals og lue til kalde turdagar
Greit og bruke opp garnrestane og.







Ha ei fine haustveke!

Klem
Lilla dør

torsdag 10. september 2015

Nye gryteklutar og filler på hytta


strikka dei i dobbeltråd to farga.  Når eg var ferdig med dei to fyrste som var heilt like. Fann eg ut at eg hadde nok til ein til...... Kvifor alltid to grytekluter ofte leiter man etter nummer to. Også fekk eg brukt opp heile nøstene.



 garnet var impulskjøp hjå idestova rett før ferien....se alle dei flotte fargane.




Desse nøsta vart med til hytta i sommer. Fint "pynt" på fatet spør du meg:)



  Klut i dominostrikk.





 Hempene sydde eg på skrå av skråband



 Sist helg var eg på hytta igjen. Då tok eg gryteklutane i bruk. 
Har tid då og koser meg med baking. Alltid litt folk innom og då er det godt med nybakt:),
som her,  bollefuccatia, fantastisk godt med eggkrem, blåbær og perlesukker.

oppskrift her på bollefuccatia


Hjertefuccatia til kvelds var heller ikkje feil. Bakte det av speltmjøl.

Klem
lilla dør

tirsdag 25. august 2015

Ny genser til gubben


Eg kjøpte garnet av Ullrommet!  Håndspunne av Ullrommet.  Fantastisk fine fargesjatteringar. Fargen er fargen på ulla på sauen. 

se instragram:   Ullrommet 
sjå meir på bloggen hennes  se her










Har vore eit bilstrikk og feriestrikk :)


Dette er blitt eit varemerke på det eg strikkar til min kjære gubbe :) Det har blitt nokre plagg etterkvart. 


Eg strikka rullekant oppe i staden for brot med to rette og to vrange som eg har på armane og nede på genseren.
Eg strikka genseren på pinner nr 5,5.


No held eg på å strikke laus hals til kalde dager.



klem
Lilla dør