Viser innlegg med etiketten ministrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ministrikk. Vis alle innlegg

søndag 14. mars 2021

Bamsegenser og baggy bukse


Sett nr 2 no på kort tid. Me var så heldig å bli besteforeldre til to gutter i slutten av 2020...
Genseren er Petitknit sitt mønster strikka i Sisu og Isagergarn 1 tråds. Buksa er baggy buksa til Ministrikk. Den er strikka i merinoull ekstra fin til Drops. Begge er strikka på pinner nr 4.
 



Kjekk å strikke og god passform. Denne bamsegenseren trur eg eg har strikka 4 stykk av totalt. Denne er strikka i 3 -6 mnd. Både buksa og genseren. 


Buksa bak går litt opp bak . Strikka vendestrikk der.




Brodert auge og munn på genseren i mørkbrunt. Holder på å strikke bamselue i same garn. Håper det blir klart til påske.... kanskje.... kanskje ikkje



Klem

Bestemor/lilla dør

onsdag 27. januar 2021

Margotbuksa i Sisu


Har strikka margotbuksa til ministrikk til ein av bestemorgulla. Strikka den i fin brunfarge i Sisu fra garnlageret mitt...... brukte pinner nr 3. Strikka i størrelse 0 til 6 mnd.
.

 
Strikka beina i magic loop teknikk. Har endelig funne ut at det er ein greie måte å strikke ermar og bein på


Klar til bruk... godt med ull no i  det kalde vinterveret.






Til å vokse i  med lange bein med oppbrett og lange seler til å flytte knappane på etter kvart.



klem
BESTEMOR/ Lilla dør

søndag 1. november 2020

Bamsegenser og baggybukse



Eg har strikka bamsegenseren til Petiteknit i størrelse 3 til 6 mnd. Eg strikka den med ein tråd Sisu (ull) og ein tråd Isager 100% alpakka. Brukte pinner nr 3,5 og 4. 

 
Baggy buska til Ministrikk. Den strikka eg i Drops si merino ekstra fine color 37 mens innsida av linningen er i Sisu.





Bamsen,  se tidligare innlegg på bloggen 



 Klem
bestemor/lilla dør