Viser innlegg med etiketten jula2020. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jula2020. Vis alle innlegg

torsdag 31. desember 2020

Julekuler som bordskånere


Har hekla nokre julekuler som eg har tenkt å bruke som bordskånere, Hadde starta på dei tidlegare i haust men dei hadde havna i ufo korga.....men no klarte eg å gjere dei ferdige.


Hekla dei av noko glitter tråd eg hadde liggande.Kjøpt i London i si tid trur eg:) Anchor Artiste metallic 25 gram nøste. Til desse julekulene brukte eg 50 gram av det rød.  Brukte heklenål nr. 2,5


Hengane på hytteveggen, klar til bruk som bordskåner under kaffi koppen eller som bordpynt.



eller som gåver......


 Eg fekk ideen på jobb av ein kollega. Dei var kjekke og hurtige å hekle. Fint restegarnprosjekt. Nok ein fordel med litt stiv hekletråd.








 Dette var siste prosjekt som vart ferdig i 2020....gler meg til nye prosjekt og håndarbeid i 2021. Har allerede masse på gang.....det er vel meg i eit nøtteskall :)))


Klem
Lilla dør

tirsdag 22. desember 2020

Fuglemat


Laga litt fugle mat av delfiafett rester fra julebaksten. smelta fettet og hadde oppi nøtter etc og fylte det opp i julemennformer.  Hadde ein streng i til å henge dei opp etter....
 



Hengte det opp i trollhasselen utanfor kjøkkenvindauget..... falt iallefall i smak hjå småfuglane


 Klem
Lilla dør

fredag 18. desember 2020

Og vi har pynta juletrelua


" Nå har vi vaska gulvet og vi har bør ved og vi har sett opp fugleband og vi har pynta tre" Mange julepynta tre gjere at det stråler av denne lua seier designers@strikkelisa /Elisabeth Steenks


Eg har brukt Hama perler og 100% ullgarn, Snømand´s garn. (100% ren ny ubehandla ull ) Det grønne garnet til vrangborda og dusken er håndfarga garn med litt sjatteringer i.



Eg strikka dei to minste størrelsane i mønsteret til mine prinsesser..... 



Veldig kjekke å strikke og fine vart dei. Er i grunnen godt fornøgd. Og det trur eg mottakerane og vart.



På juletrehogst på Voll juletregard







 Klem
Bestemor/lilla dør





torsdag 10. desember 2020

Pompom-skjørt i tyll til prinsessene mine


Sydd kvar sitt nytt pompomskjørt til prinsessene mine på 3 år og 16 mnd.  Sydde dei i dansetøystoff rød stretch som underskjørt og i tyll. Fylte det med pompommar. Dei ligg lause inne i tyllet. 



Klar til bruk i barnehagen..... har allerede brukt det på nissefesten.


til linning brukte eg gull stretchbånd kjøpt på Stoff og Stil.



Her har eg nåla på linning før eg sydde den på sjølvsskjørt med symaskin.





Her det minste prinsessa med sitt skjørt. Klar til å danse rundt i...... falt veldig godt i smak hjå prinsessene det varma eit bestemorhjarte.



Klem
Lilla dør


lørdag 28. november 2020

Julegate på pelagoniahylla mi


På terrassen min har eg pelargoniahylle sommarhalvåret...no har eg gjort den om til julegate med småhus, snømenn, englar, reinsdyr og vinterbarn



Lys i huset


Vinterbarn har flytta inn saman med granbar, barlind og kristtorn








 Klem Lilladør

søndag 22. november 2020

Ein gråstein kan brukast til mykje


På ein av mine faste turstiar fann eg her om dagen ein stein som var delt i to .......nesten heilt loddrett. Den måtte me bare ha. Så vi fekk kvar vår eg og turfølget mitt:) Steinen var ca 25x 20cm.



Haust på Jæren 


Eg har limt nokre møbelknotter under slik at den er skånsom mot bordet og står stødig. Iallfall når eg har tenkt å ha den som lysestake/adventstake.


Heilt spesielt at den var delt slik vassrett av......


Flott stein i nydelig grå og glitterfargetoner


God adventstid når så langt kjem................ bare ei veke igjen. 
Blir kjekt med meir lys rundt ute og når julelya kjem på

Klem
Lilla dør