Viser innlegg med etiketten Kurs Florø hausten 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kurs Florø hausten 2011. Vis alle innlegg

torsdag 24. november 2011

Klar for Florø!


 Idag reiser  eg til Florø der eg skal ha kurs i helga. Gler meg til det. Snømennene blir mellom anna med på tur. 
Håper dei er gilde på flyplassen ...kofferten er ganske full:)))

Ha ei god helg alle saman med mykje lys og varme!
Klem

fredag 11. november 2011

Gode venner


 Dompappen!!! Laga av ull i grått, rødt og svart. Eg synest det passer godt saman med snømennene mine. Gildt å lage snømenn.  Då kan ein lage personlighet på dei.  Kvar blir ein orginal, ingen kopier:)


Venter på snø og kulde.


Med strikka ulljakke. Har sikkert fått med seg at det er mote med heimespøta klær i år.


Sammen er me goè......sjølv om nokon er i ferd med å smelte....


Glad i deg....... du smeltar meg! Er ein anna måte sjå det på.




Mangler du julekuler finn du det gjerne på snømannen. Ser ut som han har fanga opp ein god del!



Takk!



Dette  bilde er henta frå ein adventskalender eg har sydd no i november:)

Eg ynskjer takke for alle tilbakemeldinger. Kjekt med kommentarer på bloggen . Gillt no når det vart lettere å kommentere og fleire gjere det. TUSEN TAKK!!


Hadde og sett pris på fleire følgere......... men er veldig takknemlig for dei som er det.
Stor klem frå Lilladør

søndag 6. november 2011

Endå meir.........


 Men nå trur eg snart det er slutt på julesokkar for i år.  No har eg laga den gode gamle julesokken med pelskant og litt gjenbruk av pynt i form av hekla brikker og strikka hjarte! Eg ser fram til jul i år. Eg må iallefall ligge godt an med julesokkar . Verre for dei som skal fylle dei:)))). Eg trur eg velge å legge dei ut for salg i desember.

søndag 30. oktober 2011

Skøyter





 Då eg var på butikken her om dagen kom eg over desse fantatiske frostbelagte skøytene. Dei passa perfekt som tilbehør til den store snømannen min.   Har planer å sy nokre slike til jul. Ellers blir snømannen med til Florø i november. Er det nokre her på Jæren som kunne tenke sy ein slik er det bare å ta kontakt . Så kan eg sette opp eit kurs. Kanskje fyrste veka i januar ville passe. Det er vinter tid lenge då ennå. Gildt å sette fram noko då og når me tar vekk jula.:)

Skøytene er ca 10 x 10 cm.  Virka som dei er laga av never/bark. 

lørdag 29. oktober 2011

Endå ein julesokk på gang....


Endå ein julesokk på gang... no har eg tatt broderitråden fatt.  Og så måtte den jo bli lilla.... Kva anna kunne lilladør velge :)))
Eg trur det blir endå fleire og.....liksom bitt litt av basillen.


GOD HELG!

tirsdag 25. oktober 2011

Julesokk




 I helga som var sydde eg mellomanna ein julesokk. Kanskje den kan få vere med til Florø ein tur. Sydd i lin og applikert med frihåndsquillting.  Dei som ynskje det kan godt applikere den for hånd eller bruke tungesting eller zik sak på maskina.  Det var igrunnen kjekt å byrja sy til jul .....den blir nok lagt ut for salg i hytta i desember. Av og til kan det vare gildt å vere ute i god tid:)





mandag 24. oktober 2011

Strikka kantar/skråbånd




 Eg har strikka meg ein rull på 6 meter kantar til teppet mitt. Strikka det i restegarn med litt sjatering i grått. Har testa det så vidt ut på teppet, det skal gå bra det. Men sjølvsagt går det an bruke stoffkant.  Men eg fekk bare lyst prøve. Alltid gildt med litt ny vri:)))


Så no er det bare siste verket igjen på teppet . Å sy kantane og snøkrystallane på.  Ferdig quilta er det og.....bare velstand. Klar til nytt prosjekt... Det blir nok juletreteppe og evnt, ein adventskalender.



torsdag 20. oktober 2011

På syrommet...


 Har kosa meg på syrommet dei siste dagane. Der vinterstoff og vinterfarger har prega det eg syr på. Litt med  tanke på kurset i Florø i november. Kanskje de som har tenkt dykk på kurset kan samle litt vinterstoff  og evnt. ta ein tur innom Fretex og sjå etter gammalt strikk. eller finne avlagte strikkplagg heime. Eg har kombinert stoff og strikk i eit teppe! Eg synest det har vore ganske interresant og gildt. :) I tillegg har eg planer om å bruke litt helka små servietter i teppet.


 Eg har og laga nokre snømenn, her er det ein med omsydd strikkejakkeog glimt i auget. Eg har kalla serien "vi er alle ulike" og formene variere  ganske mykje. Tenk å få lov til kose seg med slik gildt og morosamt arbeid. Har tenkt å pynte dei to siste snømannene i kveld......Som dokke ser har eg vore ganske grå og kvit denne veka, spennande og få lov til jobbe med ulike farger.


Her har eg kombinert strikk og ullfleece til jule og vinterhjerter. 


Har også prøvd meg på overføring av bilder med T-shirt transfers men konklusjonen er vel at eg liker bedra å overføre bildene til vanleg stoff.  Trur det er meir haldbart.  Men gildt å prøve noko nytt. Kjem som regel noko godt ut av det:)


Eg har og sydd meg ein liten pose i 100% lin som eg enten kan ha til gåvepose  eller rett og slett til å ha broderiet mitt i. Her har eg brukt t-shirt transfers til overføring av bilde.

Ha ein fin og kreativ haustkveld!

tirsdag 30. august 2011

Kurs i Florø hausten 2011

 På bloggen min under ettikketen "Kurs Florø hausten 2011" vil eg legge ut bilde og informasjon om Kurshelga i Florø 25. -27. november 2011.

Tenkte at me mellom anna kunne sy denne snømannen. Han er ca 50 cm høg.



Og kanskje denne runde og go`e nissen


I tillegg tenkte eg at me kan sy juletreteppe, ulike julegåver, etc etc.
Meir bilde og informasjon kjem etterkvart.