Viser innlegg med etiketten petiteknit. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten petiteknit. Vis alle innlegg

tirsdag 22. oktober 2024

litt meir egostrikk ...tweed genser



Chestnut sweater til Petitknit. Strikka i Peer Gynt- strikka den på pinner nummer 4. Brukte800 gr. Det vart ein både varm og tung genser. Fornøgd. Vil nok holde seg i mange år..... Peer Gynt garnet er fantastisk holdbart og godt garn. det gamle gode :)




 


 



 




 


 


Klem
lilla dør 

 

torsdag 13. juni 2024

Zipper sweater


Strikka genseren i  fridtidsgarn fra Sandnes i fargen 1055. Fann garnet i pose restegarn hjå fabrikutsalget der til ein billig penge. Det liker me. Perfekt farge og. Strikka den på pinner nummer 5.


Hyttestrikk og bilstrikk, har brukt litt tid på den.




Vart ein tjukk og varm utegenser. perfekt til den som er glad i friluftsliv....kjem til å varme denne



 Klar til bruk!!!! Vi får håpe sommeren blir så varm at han ikke treng den før til hausten!


Klem
Lilla dør

torsdag 21. mars 2024

Petite knit sin bamsegenser


Bamsegenser til Petite knit. Denne genseren har eg strikka mange av.... ein favoritt å strikke til alle mine  8 gullunger. God passform og lett å strikke.


Hadde to hesper med værbitt handfarga søljegarn fra Hillesvåg. Farge mikkel rev. Brukte 145 gram på denne genseren. Varm og god ullgenser til barnehagen til hausten igjen. 
.

Strikka i størrelse 2 til 3 til ei av prinsessene mine.



 Klem
Bestemor

tirsdag 28. november 2023

Penny gloves



 

Petitknit sitt design....
veldig god passform og jille å strikke




Kasharmin killing pingsvin design melert cerise lot 1 var garnet eg brukte, totalt brukte eg 32 gram



 

Klem
Lilla dør

onsdag 18. januar 2023

selma sovedrakt x2


Strikka dei i Snefug CaMaRose. Beige farge brukte, ca 280 gr pr dress. Mønster og design Petitknit. Strikka dei i den minste størrelsen til tvillingjentene. Eg var så heldig få endå to bestemorgull!!!


Gode og varme lukkeb/rettkant på beina og armane








 Klar til levering

Klem
bestemor

mandag 2. januar 2023

Vinterstrikk i vinterlandskap


GODT NYTT ÅR

1. nyttårsdag reiste me heim fra hytta i vinterstemning og snø. Her fra Romarheimsdalen.
.

Årets fyrste strikk. Selmas sovdrakt nummer to. Snart bestemor til to til.....
strikka dei i Snefnug frå camarose

 
Perfekt bilstrikk



 Klem

Lilla dør

mandag 22. august 2022

Retrillecardigan


Retrillegcardigan er knitting etter Olive sitt mønster. Eg strikka den i størrelse 3 mnd. Strikka den i Awetta filcolana garn. Strikka på pinnar nr 2,5 og 3. Fargen 977 er også kalla marsipan farge. Litt melert beige. Veldig fin og anvendelig farge.


Starta oppe og auka ut til armar. Lett og hurtig å strikke. Min vart bilstrikk heim frå ferien i år. Hadde nett fått eit nytt bestemorgull.







 Klem
Bestemor

fredag 1. april 2022

Litt meir bestemorstrikk


Hadde liggande noko sjøblått litt melert fint ullgarn som Ullrommet har spunne og farga for ei tid tilbake. Har  lege litt til modning. Eg trur eg kjøpte det som lubbegarn.  


Strikka i størrelse 1 til 2 år petitknit sin bamsegenser.  Den er strikka ovenfra og ned. Totalt brukte eg 135 gram garn på genseren. hadde vel ca 150 gram totalt så det passa godt :)



Den blir nok lagt i bestemorskuffa inntil vidare. plutselig er det noen av bestemorgulla som treng ein genser...... 


Veldig fornøgd me både farge, garn og fasong. 


 

Klem
Lilla dør






torsdag 24. mars 2022

Novice genseren i Alpakka bris


Strikka novicegenseren i størrelsen 5 -6 år til ei av bestemorgulla. Strikka den i Alpakka bris, farge gul 345. På pinner nr 5,5. Brukte ca 145 gram.


Kjekk å strikke og ein slipper montering:): Er strikka ovenfra og ned


Her er armane ferdig bare sjølve bolen igjen...jille måte å strikke på.




Lett og god:) Kjekt når det fell i smak.



Klem
Lilla dør