Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2020. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2020. Vis alle innlegg

mandag 28. desember 2020

Putesøm


Årets siste søm vart nok denne puta. Sydd i kraftig bomullsstoff ( Chambray)i melerte gråtoner. Puta er sydd etter mottaker sitt ønske. Stoffet er kjøpt hjå Katrines quiltestue i Oslo.
 

Skjult glidelås på baksida. Puta er sydd av eit langt stykke stoff slik at det bare blir søm i sidene, pluss glidelåsen ;))) 



Klem
Lilla dør

 

mandag 14. desember 2020

Lin brødpose til surdeigsbrødet


Sydde ein lintøypose til det heimelaga surdeigsbrødet, skal visst være godt til oppbevaring av brødet.




Valde å ha på decorsnor ellers ville eg sydd på ei snor av linstoffet


To heimespøta klutar passa godt saman i pakken med brødposen..... eit lite julegåve tips


 Klem

Lilla dør

søndag 15. november 2020

Bestemorsøm


Har sydd nokre dynetrekk til mitt neste barnbarn i libertystoff. Libertystoff er flott og lett bomullstoff.  Eg sydde det til barnedyne størrelse 65 X 80 cm.


typisk for liberty stoffa er det småmønster trykk i multifargar.....eg digger dei stoffa. No er det nokre butikker der ein kan kjøpe det i Norge og. Før var det bare i London du fekk tak i det.





Også hadde eg sydd eit tidlegare i blått retro bomullstoff. Håper det fell i smak hos mottakarene!



 

 Lilla dør´s dynetrekk kolleksjon hausten 2020 del 1


Klem
Lilla dør

lørdag 7. november 2020

Kosekluter og teppe





Sydde nokre kosekluter av mjuk bomull/ musselin
 




Sydd eit teppe i dette dobbelstoffet i dongerifarge med trykk på den eine siden og ensfarga på baksida


 Prøvde meg på to ulike kaninkluter.  Blir nok fleire av desse, likte best den blå varianten. sydd av eget mønster 

Klem
Lilla dør

mandag 2. november 2020

Telt til dokkene


Nå har eg sydd eit telt til dokkene (les baby liten) til ei av prinsessene mine. Den eldste av dei fylte 3 år og liker godt å reise på telttur sjølv, så då må jo dokka også få reise på telttur i hagen eller på teppet i stova :) synest bestemor


Eg vrengsydde heile slik at det vart meir solid. Eg brukte mønsteret til Merete syr. Til teltstenger har eg brukt fiberstenger fra Stoff og stil.



Teltopningen


Soveposen og ryggsekken var og med i mønsterpakken fra Merete syr.  Til liggeunderlag brukte eg sitteunderlag kjøpt på sportbutikken som eg delte på langs.


Klar for tur


Eg valgte å sy for i soveposen og eg sydde soveposetrekk til den.



Ryggsekken har gummistrikk til seler slik at den er lett å ta av og på dokka


 Klem
Bestemor/lilla dør

søndag 11. oktober 2020

Eit lite og kjekt syoppdrag.



Om eg fekk spørsmål om å sy eller eg tilbydde meg er eg usikker på :) men eg har iallfall sydd trekk på sitjepute på ein kjøkkenbenk. Nokre av mine håpefulle er på flyttefot og held på å pusse opp. Eg har sydd trekk til nokre puter til ha i benken. Til sjølve sitteputa brukte eg vaska og brukt linduk.....ferdig krympa og fast i stoffet. 



Den eine puta brukte eg Designers Guild stoff .... ein av mine favoritt designarar.  Stoffet kjøpte eg på ein Londontur ei tid tilbake. 


Dette stoffet har og lege i stofflageret mitt på modning. Det er fra ein New York - tur endå lengre sidan. Visst på tide eg får brukt nokre av stofskattene mine. Den tredje puta er i lin lik sitteputa.



Hortensia :) se fargane og kor lik stoffet er ein ekte blomst som er fra hagen.



På plass


Trekka både på putene og sitteputa er med glidelås, slik at det er lett å  ta av og vaske. 
Innerputene er 50 X 50 dunputer fra Ikea 


Klem
Lilla dør
 

torsdag 8. oktober 2020

Gjenbruk av løper i økologisk bomull


Har delt opp ein løper til 4 tøyservietter, og falda dei inn med symaskina.
 



Passa perfekt inn på haust bordet.... og kjekt med igjenbruk.


 Klem
Lilla dør

lørdag 19. september 2020

Sutteklut med bitering


Lett og ta av og vaske klutane ved behov.  Kjekt med slik prosjekt som er forbi nesten før du starta, bare du har det du treng. Eg sydde av rester og stofflageret :). Mønsteret er gratis på Stoff og sStil.


Eg sydde dei av musselin støvet karry og støvet blå. Vaska stoffa før eg sydde dei 



 Klem
Lilla dør

onsdag 16. september 2020

Bladtepper / babytepper


Hadde felles sydag her i sommar dei to vordende mødrene og eg. Var veldig kjekt med felles sy prosjekt. Me var inspirert av tepper på sosiale medier (Instagram;Facebook). Var til og med heldige å fann egna linstoff i stofflageret mitt ( seier vel litt om lageret:) ). Til og med i ønska farge. Trur eg kjøpte stoffet på Toten ein gong på eit stort stoffutsalg der.


Me tegna mønsteret sjølv....blir heilt unikt :). Ingen blader er like.



Klipte ut to tepper samtidig og fekk utnytta stoffet perfekt. Vi hadde minst tredobbelt med vatt inni teppene. Brukte lin på begge sidene, kan brukast på begge sider.


Så i løpet av sylørdagen i vår/sommer vart begge teppene ferdige. 




Teppe er ca 100 x 70 cm . Quilta med symaskin. 


Eg måtte bare ha på bestemormerke.....




 Klem
Bestemor/lilla dør