lørdag 26. februar 2022

Zipper sweater


Ego strikk. Strikka den i ein fin lillafarge fra garnlageret mitt. Truleg utgått farge. Saman med den brukte eg ein tråd  Plum super kid mohair (raumagarn). Perfekt match.
 Det har tatt si tid dette prosjektet men no er eg i mål. Mykje arbeid. Mykje vridd rett (seint å strikke) og montering av glidelås. 



Blir nok ein perfekt friluftsgenser . Gler meg til å teste den ut...... snart vinterferie.


Petiteknit sitt strikkedesign. Gode mønster å strikke etter. 
Eg brukte ca 800 gram garn totalt. 


 



Klem Lilla dør

torsdag 17. februar 2022

Osakasjal


Se dette fantastisk fine sjalet som eg no har fått ferdig. Takka dere ei god venninne som tilbaud seg å strikke det på maskin for meg......eller var det eg som spurte?:)))


Ito silkegarn. Fekk denne strikke-kiten som gåve for ei tid tilbake.






Her starta eg med håndstrikk for ca to år siden vart liggande i ufo korga men er no ferdig. Som sagt strikka på strikkemaskin. Denne spede start klarte eg å rekke opp igjen.



Nydelig fargar



Klar til bruk......gler meg. Blir nok ein favorit




 Tusen takk for garn og strikkehjelp!!!!

Klem
Lilla dør

onsdag 16. februar 2022

Tulipaner og vårgleder




Se dei fantastisk fine vårfargane ..... gler meg til vår, bruke meir farga ........ enten det gjelder strikketøyet eller /og  på syrommet
t

 Ei av mange mugruger....kjekt med fargar og marimekko


Klem
Lilla dør

tirsdag 15. februar 2022

Silke og merinoull garn fra Ullrommet


Sjå det fantastiske ullgarnet eg fekk fra Ullrommet i går.  Heilt fantastisk og  eg lurer litt på kva fint eg skal lage av det. Sjal??  Tar gjerne mot ideer.


Dette er 25% silke resten merinoull. Ca 150 gram. 


Dette er litt mindre silke ca 15% resten norsk ull. Ca 120 gram.


Akkurat no er det pynt på stovebordet og der blir det nok liggande til inspirasjon. Nett no har det selskap av ein fantastisk fin bukett fra gubben. Heldige meg, både garn og blomster......
 

Farge inspirasjon.

Klem
Lilla dør

fredag 11. februar 2022

Flodhest i lin X 2



Eli little things hadde dette koselige mønsteret. Eg fall pladask for det. Eg sydde begge variantane av flodhesten. Likte nok best den der beina var festa med knappar.
 

To gode kompiser



Øyrene og fotsålen har sydd i mønstra stoff og resten i mørk grå lin. 



To ulike varianter




Måtte jo ha klede ... her t skjorte i jersey og lin shorts 


Heil dress i jersey med lukking på den eine skulderen



 Klar for nye eventyr ......

Klem
Lilla dør

torsdag 10. februar 2022

And på hjul




Veldig kjekk og lett å sy... blir truleg fleire av dei .......har nokre planer. Den er ca 12 x 14 cm .


"Efi little things" sitt mønsteret eg har brukt med litt forandring, mellom anna valgte eg ikkje å ha vinger. Har sydd det fra stofflageret /restekorga I retro stoffer. Til hjul har eg brukt trehjul med trepinne mellom. Dei er i like størrelse sjølv om det ikke ser slik ut på bildet:))). Hjula er ca 3,5cm i diameter. Hjula er litt ulike i farge men det reknar eg med jamnar seg. Desse er og  funne i restkassen på syrommet ......utruleg kva som finst der. 
.

Tenker den havna i "dokkehuset"  mitt....saman smådokkene og musene.  


 Klem
Lilla dør

torsdag 3. februar 2022

Erles kosegenser




Ferdig !!!
 Starta på dette prosjektet i sommar.  Slik går det nå ein har masse prosjekt på gang, alt tar tid. Gler meg til å bruke den. Mjuk, lun og god. litt vid modell, men men 


Borestranda


Eg starta og hadde dette som strikk/båtstrikk i sommer........






Detaljfra armlinningen


Strikka den i to rette og to vrange. strikka nedenfra og opp. På pinner nummer 3, 3,5. brukte ca 300 gram garn. Strikka den i Rauma sitt alpakka lin garn i beige 1315.



Veldig fornøgd med fargen, nesten som å se sanden på stranda :))) 



 

Klem
Lilla dør

onsdag 2. februar 2022

Litt svartmaling.....



Har malt armlenene på denne gamle stolen fra barndomsheimen min. Pappa har sin tid trekt den i dette stoffet, for minst 35 år sidan. Det passa perfekt til Designers Guild-trekket på sofaen min. Har malt armlenene i matt svart farge. 
.

Her monterast armlenene på plass igjen


Det går mykje i dei samme fargen men ulike mønster....... då :))


 Klem
Lilla dør