Viser innlegg med etiketten utfordringar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utfordringar. Vis alle innlegg

lørdag 20. mai 2017

Snart ferietid og eit must når ein skal ut og reise - har til salgs


 Truseposer
Eg har sydd opp igjen nokre truseposer etter at eg fekk spørsmål om dei igjen. Greie til å ha med seg når skal ut å reise..... til ha undertøy i :)


 Har dei til salgs i ulike strørelser og farger.
Bare ta kontakt eller kom innom.

sjå tidlegare innlegg 



Klar til bruk

Klem
Lilla dør

søndag 29. desember 2013

Julesokkar




Jillt med julesokk. I år vart det og julesokk, men med håndarbeid i. Garn, strikkepinnar og mønster etc.
Den sunne varianten med andre ord.




 Dei røde sokkane har eg sydd av rødt linstoff og sydd på pelskant. Eg pynta den eine sokken med to små hekla brikker.


 Dei vert ikkje arbeidsledige på håndarbeidsfronten desse studentane mine iår :).  Dei liker å strikke alle tre jentene. Kjempe flinke er dei og. Gler meg til sjå dei ulike ferdige produkta.




Det har lurt seg med  ein sjokoladefylt elg som trøst til ein som ikkje strikkar:).
Forsatt fine romjul!!! Ha nokre gode late og kreative dager forsatt!
Klem Lilla dør

fredag 27. desember 2013

Pepperkakehus hekling :)



Eg laga til 4 materiallpakkar til litt romjulsaktiviteter:). Til oss jenter som feira jul/ romjul hjå oss.


Eg putta oppi bomullsgarn i brunt og kvitt pluss litt ekstra farger. Oppgåva er å hekle pepperkakehus. Som ein kan bruke til for eksempel tekanneunderlag elller gryteklut.  Ideen fann eg på Drops design sin julekalender for 2013. Der hadde dei hekla gryteklutar.


Eg sydde kvar sin pose til å ha prosjektet i:)Her ferdig sydde klar til å fyllast. Her er det 3 poser (men eg laga fire)


Julebånd i frå Danmark. Som vart lukking og hank til posen.



Delt ut som forundringspakker ved julelunsjen på julafta.


Så langt er eg kommet. Håper på meir bilde etterkvart:)
Eg er litt usikker kven som er komen lengst.


Ha ei fin romjul videre. 
Velkommen til ny følgere og takk for kommentarer . Det varmar.
Idag er det surt på Jæren. Då er det godt med jillt håndarbeid og fyr i ovnen. Og ein god kopp kaffi atått.
Her går det ellers i mariusgenserstrikking for fullt bare få dager igjen. Skal klare det.

Romjulsklem
Lilla dør

søndag 14. juli 2013

Litt meir frå strikkekvelden på terassen

 I sist veke hadde eg strikkekveld på terrassen.  Sjå her
No har eg fått tilsendt nokre bilde av hageredskaper som har blitt heilt ferdige. Eg er så frimodig å vise dei.
Dei var kjempefine.


 Her er mamma sine. Ho fekk oppgåva då ho kom på besøk


Gerd sine


Elisabeth sine
Det er så jillt se kor ulike dei blir. 

Kanskje dette kan bli ei sommerutfordring for fleire

Forsatt goé sommar!
Klem
Lilla dør

onsdag 10. juli 2013

Noko å ha garn i


Me fekk ei utfordring i den kreative strikkeklubben eg går i. Vi skulle lage noko å ha garn og strikketøy i. Eg fekk ikkkje gjordt det til sist klubb kveld, men no er den i boks. Ikkje det mest kreative men iallefall fått lag noko. Inspirasjonen kom då eg var i Kristiansand og kom over eit mønster og garn.  Eg har altså juksa litt:)
Korga er eit Hifa mønster og strikka i Trollgarn 300gr (brunmelert). På pinner nummer 7.
Hadde tenkt å pynta den med skinnlomme, men etter den vart ferdig enda den med ei linrose:)




Linrosa mønster og ide på hekla rosa
 Korga har vore eit bilstrikk:) Trur det var på sist Bergentur den vart ferdig. Då er det godt å kunne strikke rett og lite mønster.


Her er den før eg tova den i maskina på 60 grader


Jillt den er ferdig...... så no kan eg ta den med på neste klubbkveld! 


Forsatt goé sommarkveld, eg nyt den på terrassen med hekletøyet mitt.
Klem 
Lilla dør

mandag 27. mai 2013

Utfordringen er klar



Då eg var i Florø sist, vart eg invitert med syforeningen Skjeive Sting ein kveld. Då fekk vi ei utfordring å sy ei lita veske som vi fekk material pakke til. Til og med ferdig oppskorne bitar. 
Mønster er Sherri K. Falls sitt.
 Tusen takk til givarane.  Bilder frå klubbkvelden








Det var ein artig måte å sy saman bitane på . Sydde alle tre laga samtidig. Vart ferdig quilta i samansyinga.



 Pynta den med ein knapp frå Stoff og Stil


Klar for bruk


Liten blomster helsing frå urna mi på terrassen.

Takk for at du såg innom bloggen, ekstra takk til dokke som legg igjen eit spor. Det varmar og gir inspirasjon.

Klem
Lila dør