Viser innlegg med etiketten oppussingsprosjekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppussingsprosjekt. Vis alle innlegg

søndag 1. mars 2020

Gjestebad


 Har pussa opp gjestebadet litt. Me heiv ut den gamle trekvite hylla og overskapet til vasken..... utrolig effekt.  I tillegg malte me panelet i taket kvitt. Skapet under vasken var  også trekvitt, den vart malt  grønn. (Jotun 8252 Green Harmony). Me fekk eit heilt nytt bad med små grep. Eg skulle jo ha hatt både før og etterbilde :))





 Nytt speil! Oppheng i skinn.
 Kjøpt saman med fletta skittentøykorg til halv pris på Kid. 


 Grønne planter gjere alltid susen ...trur eg :). Skaper ein lun og frisk stemning.


Godt jobba av gubben. Takk du er goè

Klem
Lilla dør

torsdag 30. mai 2019

Pappas gamle kommode



 Har pussa opp pappas gamle kommode. Pappa laga den då han gjekk på snikkarskulen for ca 80 år sidan. Han brukte den på hybelen sin. No har eg malt den i grønn dus farge. 

Fyrst var den vel  trefarga.  Den vart malt blå for mange år sidan.
 Her bli den vaska og gjort klar for ny farge. Eit av vårens mange prosjekt:)))



 Veldig fornøyd med fargen Jotun 8478 Pale Green





Måtte bare vise bilde av denne hylla onkelen min Arve laga til meg då eg var liten. Eg hadde den som pyntehylle på rommet mitt i oppveksten, no er den komen til heder og ære igjen. På gjesterommet me no har pussa opp. Eg synest det er eit kult design......


Klem
Lilladør

tirsdag 31. oktober 2017

Oppussing i heimen


Det har blitt lite blogging den siste tida. Me held på med oppussing i heimen. Alt tar tid ....mange valg som skal takast. Rom skal tømast, gammal tapet fjernast :).
viktig med gode pauser med kaffi.


litt strikketid blir det innimellom



Klar for gjenbruk :)))
Har ein plan til våren


 Litt planlegging og vurdering.
Ikkje minst alle valga. Kvitt? Grått? Svart? Mørkt? Lyst?



Gleder meg til å "flytte" inn igjen i stova!

Klem
Lilla dør

onsdag 8. juli 2015

Ikea-krakkar


 Har malt to krakkar frå Ikea i fin isblå farge...... har bruk samme farge på eit skap tidlegare. Veldig fornøyd med fargen. Desse to krakkane skal eg ha med meg til hytta. 


 I grunnen eit greit "utearbeid" under halvtaket på terrassen :)




 Eg har og så vidt vore innom syrommet desse siste dagane ......det gir inspirasjon og ny energi :). Så med manko på sol og fin utetemperatur blir det syromtid:)
Har sydd denne toalettveska/mappa i mjuk voksduk som låg på lageret mitt:). Det minkar stadig litt.....
Flott farge og dekor, passar godt attåt dei nymåla krakkane mine,


 Denne flotte toalettveska var eg så heldig få av go´e venninne.  



Ha ei fin veke fortsatt.  I kveld er det meldt storm og utrygt for regn på Jæren....fantastisk fint sommarver.  Glad eg har syrommet i kveld og.

Klem
Lilla dør

tirsdag 20. mai 2014

Kjøkkenterrassen tatt i bruk igjen



 Gamal eplekasse og nokre blå sommarblomster pyntar opp på terrassen. Har valgt nokre blomar som tåler litt. Desse har eg prøvd før:). Men allt blir litt annerleis no når eg har malt her. Blomane og møblene kjem fram på ein annleis måte med den nye husfargen. 


Blåtunge


Blåtunge, Stjernefelisia og senetti.



Jillt når Coop Mega har tilbud på roser. Kr 59,- for 20 roser kjøpte sist fredag og som har stått ute her. Til stor glede heile helga.


Gamal kaffikjel gjer nytte som vase


Desse bilda sydde eg i 2007. AnnAKa sitt mønster. Dei har i dei siste sommerhalvåra henge på veggen ute. 


Sydd, brodert og quilta med symaskina






Dei siste dagane, kan snart seia siste veka, har me kunna nyte kveldssola her


Solnedgangen som var på søndag kveld, litt diss kom inn i titida.

Ha ei fin og kreativ veke.
Her går det i hagearbeid og førebuing og maling av hus....Ikkje det jillaste, men må til
Velkommen til ny følger.
Klem 
Lilla dør

lørdag 22. februar 2014

Nye skittentøykorger


 Eg falt for desse skittentøykorgene. Og så er dei svart og kvite:)....kanskje ein litt ny farge for meg. Men dei passa godt inn no når me har BYRJA å male og få lysare vegger og golv. Veldig fornøyd med det og, men det er eit langt lerret å bleike :). Vi brukte fargen Skagen på golvet, ein varm og lys gråfarge. Veldig fornøgd med den.  Ellers er det eggekvitt som er favorittfargen på vegger og tak for tida.


 klar til bruk.


 Denne er av merke Ferm living. 100%bomull.


Glimt frå vaskerommet
(etter fleire oppmodingar) 


Ha ei goé helg forsatt!

Klem
Lilla dør

søndag 1. september 2013

Endå eit prosjekt ferdig :)


Prosjekt som blir ferdig liker eg.
Takk til gubben for goé innsats igjen....
 I sommer malte me gangen i kjelleren..... her var det gamal gulna panel som fekk ei oppgradering med  maling. 


 Og så bytta me ut opne hyller og krokar med skap frå Ikea :) = lika.



 Gulvmatta er Papplina plastmatte som kan vaskast i vaskemaskina og i tillegg ligg den stødig på gulvet.


Med gamle velbrukte hus har ein alltid noko ein kan gjere. Og då blir det ekstra jillt når noko blir ferdig.
Me har fleire slik prosjekt på gang i haust.
Ha ei fin veke.
Klem 
Lilla dør