Viser innlegg med etiketten ufo ferdig 2018. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ufo ferdig 2018. Vis alle innlegg

onsdag 25. april 2018

Ut på tur mappe......


Eg var med i ein stichery klubb for mange år sidan. Dette broderiet hadde blitt liggande. No har eg endelig fått sydd det ferdig. Tenkte på kva eg skulle bruke det til..... enda opp som symappe med plastfolie.


Lang og god glidelås ,lett å få fatt i ting og tang. Samtidig oversktlig pga plasten. plasten er frå kappet til pappa som sydde båtkalesjer



Eg held på med eit papirsøm quilt.... spent kor tid eg blir ferdig med det:)


Fyrste tur med posen var til Hønefoss og Klekken og "Sy med Kathrines Quiltestue" i helga

Klem
Lilla dør

torsdag 19. april 2018

Førebuing til Klekken


Eg hadde kjøpt meg eit materialpakke til teppe hjå Kathrines Quiltestue då eg var på quiltefestival i 2014. Så eg tenkte det måtte vere heilt perfekt no når eg skal på "sy-lan" til helga på Klekken. Etter eg hadde skore dei, streka eg dei lyse stoffa på baksida. For eg har planer om å sy dei saman to og to. 


Eg skar opp 720 bitar på 4x4 inch.


Halvparten var kvite med svart mønster



Slik skal teppet mitt bli. Dette teppet er Kathrines quiltestue sitt.



Tar med dette og i tilfellle eg skal bli arbeidsledig i helga.
Tenk eg skal på "Sy-lan". 

Klem
Lilla dør

mandag 5. februar 2018

Genser til haren


Eg har strikka genser/vest til haren i fin tynn merinoull. Håndfarga til og med. Ikkje noko rusk. Godt å få bruke opp restane. Strikka på pinner nr. 3 i rillestrikk medan lommen er glattstrikk.


I grunnen ein kjekke hare, kanskje det blir fleire etter kvart. Ser den fort kan bli til glede for barnebarnet når det veks til og.


 Eg strikka genseren litt lengre bak enn framme.


Ha ei fin veke.
 Jippi det går mot lysare tider og me er allerede snart ei veke ut i februar . Det likar me!

Klem 
Lilla dør

tirsdag 30. januar 2018

Endå ein hare/kanin


 Denne kaninen/haren har lege på syrommet i ulike deler, men i helga fekk eg kobla delane saman :)))
Litt usikker kven sitt mønster det er. Lurer på om det kan være ein Tilda mønster/materialpakke dette og.  Eg har sydd den saman på min måte og kleda som eg holder på med no er egen ide. Alltid kjekkast og enklast det.
 Endå ein ufo er ferdig:)) YES!!!


 Sydde armane og føttene saman med lintråd slik at ein kan bevege armane og føttene.


 Her sit ho klar med garn som skal bli genser, buksa mangler vist gummistrikk. 




 Småblomstrete kortbukse med gummistrikk i livet. 


Heile 50 cm lang.


Det kan gjerne ta litt tid før genseren er ferdig, men den har inntatt plass i stova no. Med klare signaler...... at her er eg og treng genser.

Skal legge ut bilde når genseren er klar. Sy slike figurer liker Kari godt.....neste prosjekt blir ein figur som eg skal ha med meg på Jæren Quiltelag som påskeaktivitet på mars-møtet, Er visst i hare/kanin modus no, kanskje blir det fleire av den typen figurar.

Klem
Lilla dør

søndag 28. januar 2018

To gode venner


 Endå ein ufo er ferdig. I utgangspunktet er dette ein Tilda materialpakke med to harar men eg må jo bare forandre litt og gjere det meir mitt. I tillegg har eg brukt litt av stoffa så derfor vart dette resultatet. I grunn ganske så fornøyd..... 


Materialpakken eg hadde liggande. Tilda sin.


 Det skulle ikkje vera dusk bak men mine fekk kvar sin fargerike.




Her luftar dei seg i januarvinden.....godt med ulljakker på


 Hadde forlite stoff...så den eine fekk eit kvitt øyre men kanskje bare sjarmerande det?


Ha ei fin og kreativ veke.
Eg satsar på litt tid til å vera kreativ på syrommet.....det gir energi. Mellom anna held eg på med å førebu aktivitetskveld på Jæren Quiltelag i mars.....


Klem
Lilla dør