tirsdag 27. april 2021

Gutteluer


Fekk sydd nokre luer her ein ettermiddag. Fann ikke mønsteret, men hadde heldigvis ei gamal lue som eg brukte som mønster/mal. Den hadde eg lete dei minste barnebarna mine prøve ......passa perfekt til guttane  på 5 og 6 månader.


Sydd dei i jersey stoff fra Stoff og Stil.  Brukte overlock maskina då eg sydde dei.





 Klar til å bli brukt...... 

Klem
Bestemor

mandag 26. april 2021

Mi strikkeglade tante på 96 år


Eg har ei strikkeglad tante på 96 år som strikkar masse ! Eg synest det er så fantastisk at ho lager sine eigne mønster og farge-samansetninger. Her eit lite glimt av det ho hadde strikka sist eg var innom ved påske.
.

Studenten min i Bergen fekk desse med seg. Han var knallfornøgd og stolt eiger av nye sokker fra gamletanta til mamma.  Eg fekk desse som er på bilde under her...like fine dei :)


Eg håper eg bevarer strikkegleden og ser muligheter når eg blir så gamal til holde ved like denne kjekke hobbyen. Eg trur eg må finne fram ein del garnrester til tante som ho kan trylle fram fine og kunstnerisk fine sokker av. Sidan det er så mykje mønster i dei blir dei tjukke, gode og varme. 


 Klem
Lilla dør

søndag 25. april 2021

Sydd to vimpler på bestilling


Har nett sydd to vimpelrekker på bestilling til to små. Fine til barnedåp, når barna fyller år etc. Har sydd dei i lin. Gutten i grå og blå lin. Medan jenta i beige og rosa lin og bokstavane hadde eg i libertystoff. Håper mottakarane vart fornøgde.



Sydde bokstaven på med rettsøm og i motsatt farge som vimpelen var i.



Klare til levering


 Klem
Lilla dør

fredag 23. april 2021

Materialpakke-salg ....rydder litt i tølene mine


Ugle i retro ullstoff. Passar godt både ute, i utestova eller inne. Eget design. størrelse ca 35 x 24 cm.
 

Materialpakkane innheld mønster, stoff og knapper til auge og nebb. Må ha stappevatt og fyllmasse/sand utenom. Sydd på symaskin.  lett å sy.


Restlager :) 3 materialpakkar. Kostar kr175,- pr pakke.



Klem
Lilla dør


 

søndag 18. april 2021

Søndagsføremiddagstur til Håtangen


Nydelig vårdag her på Jæren. Me hadde ein fantastisk fin tur til Håtangen.
 

Håtangen slik eg kjenner den fra postkortet som eg har brukt som motiv til bildeveven eg held på med Snart ferdig noko den i grunnen har vore sidan jul. Tar tid :)






Eg har ca fem cm igjen. Har tenkt å ha ensfarga sommerblå himmel. Nett slik som det var idag.



 Klem
Lilla dør

søndag 11. april 2021

Morsomt syprosjekt til broderen


Fekk ein ide at eg kunne sy pose eller/og toalettmappe eller/og ein påskegodtepose til bror min som fylte år i påska. Det var det siste, eg fylte den med snop....... fin niste i fjæra eller på båtturen. Kona ville vist ha den til strikkepose :).  Så vil tida vise kva den blir brukt til.  Vart iallfall godt mottatt.



Stram kar sjølv om bilde er rundt femti år gamalt. Eg har overført fotobilde til stoff.



 Klem
 systra
og
Lilla dør

fredag 9. april 2021

Strikka garderobe til tinytilli dukkene mine



Eg kjøpte med eit oppskriftshefte fra Nøtteliten på strikka garderobe til dukkene. Eg hadde 4 nøster med bomullsgarn som passa i pinnestrørrelse til oppskrifta. Eg strikka opp dei.... siste rest brukte eg til å strikke eit teppe til dei.


Fekk sydd ei dukke til.... kjekt å bruke opp restane og...... totalt laga 4 stykk no. Blir truleg fleire :) 



Heile gjengen samla...klare for bestemorgulla


"show and tell" 
på dei ulike plaga....... kanskje kan eg prøve meg å sy litt seinare. Nett no har eg fått kledd opp  alle dukkene i bomullstrikk og litt ull. 






Enkle plagg til å mikse klær på dei ulike dokkene.


Desse stikka eg i ull, resten var bomullsgarn




 Klem
Lilla dør

torsdag 8. april 2021

Sydd nokre Tinytillie dukker


Kjøpte oppskrift på nett her for ei tid tilbake ( i haust trur eg). Kjøpte dei hjå Nøtteliten. Endelig har eg fått sydd tre stykk. Eg sydde dei i same farge og i lin/bomullsstoff. Godt fornøgd med det. Ser orginalen er i ulike pastellfarger, 


Kjekt lite avslappende prosjekt... Fort gjordt når ein fyrst sette seg ned ved symaskina. Eg sydde mine på hytta. No har eg bare igjen å strikke kler til dei... plutselig blir dei ferdig og......Ein kunne kjøpe med oppskrift hefte til kler og. 



Ventar bare på kler....




 Klem
Lilla dør