onsdag 12. juli 2017

Venninebesøk + syrom = glede


 I helga hadde me besøk av nokre venner heimante ....takk for jille helg saman med dokke..... Eg og vennina mi fekk til og med tid til nokre stunder på syrommet. Eg hadde fått i heimelekse før ho kom å sy saman nokre ruter pluss kant til tvister brikke. 


 Me skar den opp etter eit visst system:) med twister linjal


 Slik vart mi tvister brikke. Klar til quilting. Håper eg får sy den ferdig før ferien :)


Kjekk å sy men ein treng, som alt anna syarbeid, vere nøyaktig og stryke etter kvart.



Her er Laila sin


 Her er endå eit syprosjekt etter ein tur innom Lappelykke.... skal få se meir når det er heilt ferdig..... 




Av restane etter tvist brikka sydde vi på kvit kant rundt midtbitane og reinskar dei......vel og merke litt på skeiva. Denne brikka er klar til å sy saman..... Laila si vart klar til quilting men eg gløymde å få bilde av den....
Tusen takk for gode og inspirerande timar på syrommet Laila. Gler meg til neste felles syprosjekt...kanskje me får det til i sommer..... ut i havgapet eller på hytta mi.


Klem
Lilla dør

lørdag 1. juli 2017

Bestemorstrikk :)


 Til hausten blir eg bestemor.......gleder meg masse. Har så vidt starta med litt strikk. Hadde nokre nøster av Giada (70 % merino ull og 30% silke).   Brukte ca 60 gr totalt.  Fann oppskrifta på bloggen til Stjernestrikk.  Ho kalla den poseshorts.



 Kjekt å strikke små plagg igjen. Kjekt med bestemor strikk... tenk eg er så heldig at eg skal bli bestemor til hausten. 



Klem
Lilla dør