Stoffet er stretch jersey . Det grønne er med botanisk print og det blå er støvet navy med store bier.
Sist fredag, då eSg kom frå jobb fekk eg eit fantastisk tilbud!!! Ei av mine håpefull hadde velt om og inviterte meg på stoff-shopping på Stoff og til. Kjekt bu så nærme at det bare er å ta ein tur.
Det vart 4 stoff på meg...dei andre skal eg legge ut seinare. Eg vaska dei med ein gong så dei var klare neste dag...den store sy-lørdagen.
Tegna først mønster. Brukte ein velbrukt kjole som utgangspunkt. Med minne justeringer pluss pluss.
Ribb i halsen, eg huska til og med korleis eg sydde det sist eg sydd klær og det er lenge sidan.
Fiks ferdig den fyrste....eg sydde to den dagen.
må seie eg er ganske fornøgd....
lommar er viktig
Klar til bruk og klar for neste prosjekt. Takk for godt lag på syrommet Gjertrud. Gleder meg til neste sydag, kanskje på hytta i sommer. Symaskina blir i allefall med.
Klem
Lilla dør