Lilla dør har fått malt yterdøra i samme farge som døra til arbeidsrommet.... så no er det ingen tvil om kor ein finn lilla dør!
Eg synest den lilla fargen lyser flott opp saman med dei gule vinduskarmane til det røde huset.
Sist helg var det den store beise- og malingshelga. Eg og gubben gjekk laus på det mest av terrassebenker og bord. Terrassen fekk og ny beis på. Så no er vi klar for sommar og mykje terrasseliv.
Det gamle olja teakbordet er blitt malt i frisk rosalilla farge... Fargen kom seg etter kvart strøk med maling. No er eg nesten fornøyd:). Det har fått ein djup rosalilla farge ved god hjelp av Nærbø Fargesenter. Dei klart ikkje hjelpe meg på Klepp. Godt med gode kontakter på Nærbø.
Då eg såg i hylla mi med løparar og duker, fann eg ein løpar som eg sydde i fjor - den passa godt inn. Den gjekk nettopp i lilla - rosa - gult !! Flaks eller farger eg likar?
Bordet har fått ein liten lilla detalj.
Sjå så flott hotensiaen passar til bordet.