Viser innlegg med etiketten Jula 2016. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jula 2016. Vis alle innlegg

mandag 9. januar 2017

Brodert putetrekk


 Julemusa og bamsen


 Nytt sticheri... usikker på designeren men eg tegna av min eigen variant. Synest motivet passa til julesengeteppe.


Har brodert motivet på eit kvit putever :) passa til 50 x 70 cm pute.



Maileg nissar


Nyttårsklem
Lilla dør

fredag 30. desember 2016

Julesokkar


Kvar sin julesokk på julemorgon er kjekt både for store og små. Hjå oss blir det som regel litt aktivitetssokkar:),  I år vart det mellom anna bretting av stjerne-konkurranse, strikkeposer etc.



Jentene fekk kvar sin strikkepose med garn til sokkar og mønster. Sokkar med tre......


Ragnhild som har fått strikka mest på sokkane i romjula
Kjekt med nytt julestrikk....... herlig med fri og go´e anledning til å senke skuldrane og bare gjere ingenting (nesten)

JULEKLEM
Lilla dør

onsdag 28. desember 2016

Snømannsuppe


 Ei av mine håpefull laga merkelappar til glasa. 


 Belgiske sjokoladeflan, marshmallow og gulrot nase i marsipan.



 Snømannsuppe var ein del av utvalget på julefrokosten i Skorane





 Klar til fylle kokande melk på blandinga.


Kan anbefalast. Kjempegodt!!!!
Klem
Lilla dør

tirsdag 27. desember 2016

Gåveposer



 Julegåvesekker i lin.


 Motiva som eg har applikert/sydd på var kuvertbrikker eg kjøpte på gi bortsalg på Princess i desember. 


 Sydde på pyntebånd som eg brukte til å lukke posane med. Sjølve posane sydde eg med overlockmaskinen.



 Det var mange ulike sekker.





 Kjekt å gje og kjekt å få:). Praktiskå ha julegåvene i etterpå, iallefalll
 når ein er 16 stykk som feirar jul i hop. Har tipsa mottakarane at dei kan gjere dei om til putetrekk til 70 x 70 cm gulvputer..... 



 klem
Lilla dør

søndag 18. desember 2016

Julespel i Julebygda med nesten alle håpefulle, mangla bare minstemann


Klar for julespel og julemarked



 Kaldt men jillt. Godt med varme kler og gløgg. 



Dette var andre gong på rad. Det blir nok fleire gonger. Kjempe fint julespel med fine verdier.

Klem
lilla dør

torsdag 15. desember 2016

Besøk i hagehytta



Eg fekk besøk av tre kjekke damer i hagehytta. Det skulle vore ein blåtur men alle klarte ikkje å halde tett:))) men me hadde ein kjekke kveld uansett ;). Greit når damene har med seg go´e mat og eg skulle ta meg av det kreative, Dei fekk i oppgåve å lage kvar sin snømann med personlighet. Eg hadde på førehånd sydd omrisset av snømannen.




 Iherdig arbeid med mykje goé latter.... ser nesten ut som om denne snømannen har det litt frostig..... 


 sjå så fin dei vart




 Ha fortsatt ei fin adventstid...
Klem
Lilla dør

fredag 9. desember 2016

Klesnor i hagehytta


Nissane, som held til oppå skapet i hagehytta, har fått seg klesnor:) Fekk det plutseleg føre meg at det hadde vore kjekt å laga. Det var nesten nostalgisk å lage det. Kjente på dei gode minnene frå barndommen då eg laga dokkeklede /papirdukke-klede i massevis. Kjekt å kunne leike seg med stoff, saks og symaskin. Medan andre ikkje kan forstå at ein kan bruke ressurser og giddå på slike "unyttige "ting.
Ikkje alle har det heilt likt:)


Her er det litt strikk og.


 så dette er den nye desemberpynten i hytta i år.......


 Nissane laga eg for ei tid tilbake. Har fleire hoder/ansikt som skulle hatt kropp. Kanskje det kan bli eit prosjekt i 2017. Kanskje eit hus til dei på hytte veggen???




Stjerna på treet er ikkje heilt på plass ennå:)

Nisseklem frå
Lilla dør

onsdag 7. desember 2016

Førjulskveld i hagehytta




Tradisjonen tru hadde eg nokre kreative damer på besøk i hagehytta til førjulskos. Årets tema var strikk. Lange, tynne nissemenn og koner. Her er mine modellar og mykje restegarn klar til å takast i bruk til kreativ strikk saman med kaffi, julegløgg og fingermat. 








Sjølv om det er surt ute og lite som minner om kvit jul, hjelper det med lys og fyr i bålpanna.



Her ser du produksjonen denne kvelden :):


Her gjekk strikkepinnane unna









Modellane mine med inspirasjon og ide frå Fillcolana.dk og instragramkontoen  "frustrikk"
Men når ein strikkar dei vert dei litt omstrikka og blir til min egen variant.


Ha forsatt ei kreativ og fin adventstid.


Klem
Lilla dør