Eg strikka tre par med tøflar etter oppskrift som eg fann her;
Eg strikka dei i fritidasgarn i tre ulike sjøblå/mint fargar.
Det har vore bilstrikk dei siste gongene eg har reist til hytta.
Men eg var litt for tøff når eg tova dei i vaskemaskinen. Fyrst tova eg dei på 40 grader og det var for lite. Eg var usikker om eg skulle vaske dei ein gong til på 40 grader (det burde eg ha gjort) men eg vaska dei på 60 grader. Dei vart kjempe fine men for små. Det eine paret kan jentene bruke....
desse flyttar til Skorane
til salgs
til salgs
No eg i gang med å strikke ulike vottar av garnrestane.... her er det mariusvott som skal tovast.
Klem
Lilla dør