Eg hadde ein periode der eg laga mykje dokker av tricot og ull. Forma hodet og sydde kroppen. Eg gjekk til og med i eigen dokkeklubb.... Klubben er der ennå men me syr andre ting no. Eg har fått lyst til å ta opp igjen dette nå. Har kjøpt ny bok med mønster og idear. Det må bli eitt av mine neste prosjekt:)
Dette er ei av mine små dokker, dei fleste har eg gitt vekk.
Denne rekka laga eg til junioren på bagvogna hans. Husker eg hadde vognteppe i dei samme fargane og same stoff:). Ei stund sidan det no.
Lenka er blitt til pynt og minner. Skal nok utvikle og lage fleire av desse og... men det er den tida. Må visst berre ta tid for å få gjort noko.
Ha ei fin veke.
Takk til deg som såg innom. Alltid jillt når dokke legge igjen eit spor.
Klem
Lilla dør