Viser innlegg med etiketten venninne helg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten venninne helg. Vis alle innlegg

tirsdag 5. mars 2019

Venninnehelg del 3 slumreteppe nr 2


 I fjor var me på Klekken hotell på sy-lan. Då starta me på kvart vårt slik teppe med over 700 biter. Som tenkelig er eg ikkje ferdig.  Det var vårt mål nr.  to sist helg men me kom ikkje heilt i mål med det, sjølv om alle bitane var reinskorne.



 Mønster og stoff kjem frå Katrines Quiltestue. 


 Det veks sakte men sikkert, så langt kom eg sist helg....... gler meg til å sy saman resten.


Me kjøpte stoff til dette teppe i 2014. Så det er vel på tida.


Laila var heime mens eg var på jobb mandag og tirsdag sist veke. Så langt kom ho før ho reiste heim ( men no trur eg ho  er ferdig med toppen.)

Takk for besøk velkommen igjen!!!

Klem
Lilla dør

mandag 4. mars 2019

Litt strikking vart det og- del 2 venninnehelg


 Eg hadde blitt inspirert på bloggen til statistrikk.no  "appelsinstrikk" . Så eg hadde bedt Laila ta med seg 250 gr. orange tråd og 100 gram offwhite garn som kunne tovast. Så i ledige stunder vart det strikka vendestrikk. Som sagt mønster og ide finner ein på bloggen til statistrikk  ( kan anbefalast)






Min er ennå ikkje ferdig, eg skal legge den ut på bloggen når eg er komen i mål med den


 Litt shopping på Bryne vart det og der vi begge fekk vel kjøpt litt garn og litt stoff ( eg kjøpte kun sytråd ikkje stoff denne gangen :))).


Mi venninne fekk kjøpt seg sokkegarn og litt Arietta garn


 Baby merinoull...gler meg til å strikke noko bestemorstrikk:). Barnebarnet fekk sjå garnet. Det var tydelig ho likte fargen.


 Sukkersøtt og kjøpt hjå Anny på Bryne. (Idestova)

Klem Lilla dør



søndag 3. mars 2019

Venninnehelg/syhelg del 1



 Sist helg (siste helga i februar) hadde eg besøk av ei venninne heile helga. Gubben og guttene var på fotballtur til England. Tenk ei heil helg  til sying, shoppingtur, strikking...... kan det bli bedre. Me hadde starta på eit felles prosjekt i fjor på desse tider.

se her frå oppstarten av teppe og venninnehelga i fjor:)



Mål ein i år var få sydd saman toppen på dette teppet og det vart seine kveldar både fredag og lørdag.....men me kom i mål.



Tid til litt turgåing vart det og. Søndag var sola framme og det benytta me oss godt av. Tur på Borestranda og kaffi i sola på terrassen.



Fekk besøk på terrassen av svigerdatter og barnebarn på bollar. Takk Ingri!


Her er kantane komne på


Begge sine tepper var ferdige.


Her legg vi bakstykke og vatt på mitt teppe som no er klar til quilting. Eg er ikkje heilt sikker ennå korleis eg skal gripe det an ...ligger til modning eller/og i tenkeboksen.

Kjekt med besøk 
Klem
Lilla dør