Viser innlegg med etiketten garnslanking2017 småstrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten garnslanking2017 småstrikk. Vis alle innlegg

torsdag 3. oktober 2019

Fjelltur og strikk


 Siste helga i september hadde vi familiehelg saman med alle ungane, svigerbarn og barnebarn. Ei fantastisk fin helg der me gjekk inn til turistforeninga si hytte Viglesdalen!!!! Knallfin tur til  den nye DNT hytta der.


Denne lua strikka eg. Gratis oppskrift her. Eg strikka den i Alpakka forte classic.


 La opp nytt strikk til turen, ei lue til ein av dei håpefulle.... studenten. Strikka den i alpakka og fann oppskrifta på nettet. Måtte jo eit lite strikk med og litt strikka vart det og.


 Nyt fargane 


 Me kom opp i fleire saueflokker med gjetarar som losa sauen heimover til Nes. Eg var så imponert over kor fint og kontrollert dei førte flokken. Ein fantastisk fin komunikasjon mellom gjetaren og hunden. Tar av hatten  for dei. Mykje fin ull passert med andre ord :)))))



Må nok strikke den ferdig i låglandet eller kanskje eg kan ta den med på neste fjelltur neste helg :)))

Klem
Lilla dør som nyter hausten og dei fine fargane....

mandag 12. mars 2018

Fleire dunlette kyllingar


Fekk totalt 6 kyllingar av eit nøste av garnet AIR. Strikka med dobbel tråd.
Drops design




 ser nesten ut som garnnøster:)))





 "Flytta" inn på greinene med gåsungar i stova.Dei
 er nok veldig dekorative på eit hylle og. Men eg kjem nok ikkje til å strikke fleira av dei i år.


klem 
Lilla dør

søndag 5. februar 2017

Kosedyr/Kaninstrikk :)



Kom over eit koseleg mønster på Purl soho. No i desse tider gjeld det for meg å strikke ned garnlageret så eg måtte bruke garn frå mitt eige lager. Så då vart det dobbel tråd Duett på pinnar nr 6.5. Mjuk og goé kvalit som passar til bruken etter mi meining. Fylt med vatt.


 Mønsteret fann eg på nettet




 Jillt å strikke


 Kanskje kan det bli til ei gåve ein gong. 


Ha ei goé veke

Klem 
Lilla dør