I helga var eg og gubben på tur til Rosendal. Eit av hovedmåla var å sjå og oppleve dette hotellet. Eg som strikkeglad og med sans for kreative utspill var dette ein plass å hente litt meir inspirasjon:) noko som me sanneleg fekk. Kan verkeleg anbefale ei natt eller to der.
Sjå meir om hotellet
Ulike fargar på strikket prega dei ulike romma... me var i den gamle delen.
Oppskrifta og meir om denne stolen finn du i boka Fargeglede og på bloggen til hotellet.
Denne stolen stod faktisk på rommet vi låg på:)
Ulike fargar på romma prega tilbehøret der
Siden me hadde noko å feira vart det tre rettars middag på nabohotellet. Dei hadde ikkje middagsservering på Rosendal Turisthotell den kvelden.
Det var og spøta trekk til Seed lampa. sjå oppskrift i boka:)
Denne lysekrona framheva designet og fargane på det isblå rommet.
Litt spøt "på gang" i resepsjonen eller heller til pynt spør du meg.
Det kjem an på auget som ser
Perlehøns heldt til i gangen:)
Løp og kjøp..... som det står i boka; "et univers fullt med håndstrikk,gjenbruk, redesign og design på Rosendal Turisthotel vart til ei boka til slutt" sitat slutt
eg var så heldig at eg fekk kjøpt oss kvar vårt sokkapar.
Kan anbefallast på det varmaste. Eit hotell med særpreg og litt utan om vanlege...... kjem nok igjen!
Klem
strikkeglad Lilla dør