Viser innlegg med etiketten designerrsquilt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten designerrsquilt. Vis alle innlegg

søndag 11. oktober 2020

Eit lite og kjekt syoppdrag.



Om eg fekk spørsmål om å sy eller eg tilbydde meg er eg usikker på :) men eg har iallfall sydd trekk på sitjepute på ein kjøkkenbenk. Nokre av mine håpefulle er på flyttefot og held på å pusse opp. Eg har sydd trekk til nokre puter til ha i benken. Til sjølve sitteputa brukte eg vaska og brukt linduk.....ferdig krympa og fast i stoffet. 



Den eine puta brukte eg Designers Guild stoff .... ein av mine favoritt designarar.  Stoffet kjøpte eg på ein Londontur ei tid tilbake. 


Dette stoffet har og lege i stofflageret mitt på modning. Det er fra ein New York - tur endå lengre sidan. Visst på tide eg får brukt nokre av stofskattene mine. Den tredje puta er i lin lik sitteputa.



Hortensia :) se fargane og kor lik stoffet er ein ekte blomst som er fra hagen.



På plass


Trekka både på putene og sitteputa er med glidelås, slik at det er lett å  ta av og vaske. 
Innerputene er 50 X 50 dunputer fra Ikea 


Klem
Lilla dør
 

onsdag 3. oktober 2018

Designers quilt puter


 Eg har hatt liggande litt stoff frå Designers Guild frå eg var i London sist. Til godgjerning/modning. Designers Guild er ein av mine favoritt designarar. For dei som følger meg og kjenner meg er dette gamalt nytt. No kan eg få fatt i stoffet deira pluss pluss både på Forus og i Førde.


 Eg sydde desse to i helga. Har litt igjen av stoffet......blir nok ein prosjektpose til strikketøyet mitt:)



 Flott stoff som passar perfekt hjå meg.


 Sydd ein kant rundt putene.





klem
Lilla dør

mandag 1. oktober 2018

Hausten = fantastiske fargar


Eg liker hausten med levande lys og mykje flotte fargar. 


Eg var heldig og fekk mykje fine eple frå svigers..... blitt mykje godt eplesyltetøy.


Fekk testa ut epleskrelleren i år og.





Kom over nokre pyntegresskar på ein blomsterbutikk her om dagen.... Sjå dei mønstera og fargane.


Lilla er fint. Kjekt når ein kan ta tre og betale for to...... eg fekk desse sist helg. Heile tretti nelliker. Yes!!!! digge det. Tydelig at gubben veit kvar eg liker.



Ingen tvil om at kvar årstid har sin sjarm.



Klem
Lilla dør

Ps liker godt lilla!