Viser innlegg med etiketten småstrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten småstrikk. Vis alle innlegg

mandag 9. desember 2024

Strikka dokkeantrekk


 


Strikka ein dokkedress  av garnrestane til genseren til "dokkemammaen". Stas å ha lik.


Strikka den i værbitt håndfarga garn Hillevåg sølje, brukte 40 gram. på pinn nummer 3,5



 Dokke mor sin

Klem
bestemor

torsdag 15. august 2024

Vaskekluter fra purl soho



Restegarn strikk og test av mønsteret i sommer på hytta. Tok det eg hadde ......skulle hatt meir ton i ton fargar.

Eg falt for desse tøffe designa til Purl Soho. Desse to bilda er henta fra purl soho si nett side.
.

Se dei tøffe fargane, hatt desse ville gjort susen på klutene, her betyr farge matchen mykje :)


Eg stikka to stykk av nokre restar eg fann i sommer på hytta.




 Klem
Lilla dør

fredag 15. mars 2024

Strikka kyllinger på pinnar



Eg såg ideen på "nettet", me ser litt der og litt der. Eg laga min versjon. Strikka fyrst eit egg fylte det med ull. Monterte det på trekloss med pinnar til bein. 



Litt flakkande i blikket men klar for påskefeiring 


💜💜


Ensom og venter på fleire av samme sort, kjem etter kvart


Sko/lubbar måtte dei jo ha

onsdag 24. januar 2024

Prosjekt gjere ferdig


Ingen ting er som heimelaga ullsokkar og ingen ting er som å gjere ting ferdig. Eg har mange prosjekt på gang. Både i strikk og søm. Har lyst til å prøve å gjere noko med det. Har fått meir kapasitet no ....så kanskje 


Korga er full og den blir fylt opp etter kvart, når garnlaget skal strikkast ned :))))) eller selgast.  Gleden er stor å få gjort ting ferdig. Tre prosjekt er ferdig innen strikk no i januar. Det er bra. Må skryte litt sjølv, det hjelper det.


 


Klem
Lilla dør

torsdag 10. august 2023

Strikka hårbøyle



Eg strikka i Sunday og merino ull restar. Bøylen er å få kjøpt på Self made home( Stoff og Stil) mønstre og design er Lene_knit, mønsteret kalles linesblader. Perfekt restgarnstrikk. Kjekke å strikke og få. 




Denne er strikka i sunday og silk mohair rest
 



Klem
Lilla dør 

 

onsdag 15. februar 2023

Klubbkveld


Felles strikkeprosjekt i Løsmaskene på mandag. Me fekk beskjed om å ha med to strikkepinnar nr 3 eller 3,5. Så strikka me kvar vår dokke løpet av kvelden. Veldig kjekt Ingeborg. Håper eg får strikka fleire av dei.
 

Her er gjengen :) Ingeborg har tre av dei, då ho hadde laga eit par før me kom. Perfekt restegarnprosjekt. Det er ikke mange meter/gram pr dokke.



Her er mi



Foreløpig har ho flytta inn på bordet i stua i ein telysholder.


 klem
Lilla dør

tirsdag 12. april 2022

Påskevottar


Strikka kvar sitt par med påskvottar til barnebarna mine. Dei to eldste sine strikka eg i vamsegarn og tova. Dei andre to i finull.
 

Her eine paret i vamsegarn.



Koselig påskestrikk. Kjekt med slike småprosjekt. Dei vottene som er tova vart både tjukke og mjuke. Fann ut at enkel i finull passa best til dei små eittåringane slik at det ikke blir for klumpete når dei er så små.
Alle para vart putta opp i påskeegga...




GOD PÅSKE



 Klem
Bestemor 

torsdag 23. desember 2021

Den lille larven Aldrimett


Lille larven Aldrimett sokkar. Eg vart igjen inspirert på instagram til å strikke desse sokkane til dei tre minste barnebarna mine til jul. Strikka dei tidlegare i haust men måtte holde det litt hemmelig sidan det var ei julegave.
.

Stikka dei i Hillesvågsgarn - det grønne garnet (2 tråds) og alpakka garnrest - det røde. Så dei er sikkert varme og go-e . Strikka dei fra tåa og opp.  Sidan det er sydd på knappar til auge er dei nok mest egna til tøflar 



Litt "antigli" under sokken, har lite erfaring med det, håper det virkar.......


 Håper dei fell i smak...iallefall jille å strikke. Eg liker i grunnen slike små prosjekt.

Klem
Lilla dør

onsdag 29. september 2021

Litt strikk på hytteturen og


Me strikka kvar vårt gresskar. Eg hadde tatt med garn  og det vi ellers trong til dei. Strikka på pinnar nr 3. Det gjekk med ca 25 gram garn til kvart gresskar. Alle desse er strikka fra samme nøste med Kauni.... 



 Veldig kjekke å strikke. I grunnen eit fint restegarnprosjekt.


Klem
Lilla dør

tirsdag 21. september 2021

Litt hauststrikk


Sydde meg to strikkeposer her om dagen...... passar perfekt til hauststrikket. Eg som har så mange strikkeprosjekt må ha mange strikkeposer.



Gresskar på gang. Kjekke å strikke. Perfekt restegarnstrikk.



Nokre gresskar er litt friskere enn andre:)






Klar for hytte tur.... viktig med strikk sjølv om det skal være ei syhelg. ( skal nok lure inn litt strikk )



 Klem

Lilladørstrikk