Viser innlegg med etiketten stjerne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stjerne. Vis alle innlegg

søndag 25. november 2018

Måtte bare lage ei til.....


 Eg måtte bare lage ei stjerne til....like den eg laga på hytta 
Denne vart visst like stor 


 Hadde med meg  greiner frå hytta...gamle epletre greiner og tillegg brukte eg grener frå hagen


 Klar til å fylle på med mosegrodde epletre greiner


Lyser godt opp på tunet.


Kjekt med arbeidsbenk ute 


 Kransen mangla pynt men rim og is gjorde jobben idag :)



Ha ei fin adventstid!

Klem Lilla dør

torsdag 15. november 2018

Stjerne av greiner med lys



Endelig på plass:) Har hatt planer sidan eg var i Tyskland på julemarked i fjor å lage meg ei eller to av desse stjernene. 


 Eg samla masse masse greiner ....helst med litt mose/lav på . Eg brukte mykje av greinene på eit gamalt epletre.


 Min handy gubbe laga ramma til stjerna til meg av armeringsjern.


 Han måtte og hjelpe meg med å surre på den fyrst runden av greiner.....i grunnen eit tungt arbeid. Men knallkjekt.



 Eit godt utgangspunkt men her trengs det meir greiner og meir surring.


 Noko byrjar å ta form


 Mykje lys, 12 meter lyslenke frå Clas Olsson



 Måtte prøve den ......sjølv om det er 14 dager til advent. Den vart stor ca 180 cm mellom spissane på stjerna.


Klem
Lilla dør