torsdag 31. desember 2020

Julekuler som bordskånere


Har hekla nokre julekuler som eg har tenkt å bruke som bordskånere, Hadde starta på dei tidlegare i haust men dei hadde havna i ufo korga.....men no klarte eg å gjere dei ferdige.


Hekla dei av noko glitter tråd eg hadde liggande.Kjøpt i London i si tid trur eg:) Anchor Artiste metallic 25 gram nøste. Til desse julekulene brukte eg 50 gram av det rød.  Brukte heklenål nr. 2,5


Hengane på hytteveggen, klar til bruk som bordskåner under kaffi koppen eller som bordpynt.



eller som gåver......


 Eg fekk ideen på jobb av ein kollega. Dei var kjekke og hurtige å hekle. Fint restegarnprosjekt. Nok ein fordel med litt stiv hekletråd.








 Dette var siste prosjekt som vart ferdig i 2020....gler meg til nye prosjekt og håndarbeid i 2021. Har allerede masse på gang.....det er vel meg i eit nøtteskall :)))


Klem
Lilla dør

1 kommentar: