Tradisjonen tru hadde eg nokre kreative damer på besøk i hagehytta til førjulskos. Årets tema var strikk. Lange, tynne nissemenn og koner. Her er mine modellar og mykje restegarn klar til å takast i bruk til kreativ strikk saman med kaffi, julegløgg og fingermat.
Sjølv om det er surt ute og lite som minner om kvit jul, hjelper det med lys og fyr i bålpanna.
Her ser du produksjonen denne kvelden :):
Her gjekk strikkepinnane unna
Modellane mine med inspirasjon og ide frå Fillcolana.dk og instragramkontoen "frustrikk"
Men når ein strikkar dei vert dei litt omstrikka og blir til min egen variant.
Ha forsatt ei kreativ og fin adventstid.
Klem
Lilla dør
So kjekke dei er!! ..... Og takk for inspirasjonen! :)
SvarSlettKjempefine :-)
SvarSlettKlem