mandag 31. august 2015

Rosendal Turisthotel :) garnglede i Rosendal


I helga var eg og gubben på tur til Rosendal.  Eit av hovedmåla var å sjå og oppleve dette hotellet. Eg som strikkeglad og med sans for kreative utspill var dette ein plass å hente litt meir inspirasjon:) noko som me sanneleg fekk. Kan verkeleg anbefale ei natt eller to der.



Ulike fargar på strikket prega dei ulike romma... me var i den gamle delen. 


Oppskrifta og meir om denne stolen finn du i boka Fargeglede og på bloggen til hotellet.
Denne stolen stod faktisk på rommet vi låg på:)


Ulike fargar på romma prega tilbehøret der




Siden me hadde noko å feira vart det tre rettars middag på nabohotellet. Dei hadde ikkje middagsservering på Rosendal Turisthotell den kvelden.





Det var og spøta trekk til Seed lampa. sjå oppskrift i boka:)


Denne lysekrona framheva designet og fargane på det isblå rommet. 


Litt spøt "på gang" i resepsjonen eller heller til pynt spør du meg.
Det kjem an på auget som ser




Perlehøns heldt til i gangen:)


Løp og kjøp..... som det står i boka; "et univers fullt med håndstrikk,gjenbruk, redesign og design på Rosendal Turisthotel vart til ei boka til slutt" sitat slutt


eg var så heldig at eg fekk kjøpt oss kvar vårt sokkapar. 


Kan anbefallast på det varmaste.  Eit hotell med særpreg og litt utan om vanlege...... kjem nok igjen!


Klem
strikkeglad  Lilla dør

tirsdag 25. august 2015

Ny genser til gubben


Eg kjøpte garnet av Ullrommet!  Håndspunne av Ullrommet.  Fantastisk fine fargesjatteringar. Fargen er fargen på ulla på sauen. 

se instragram:   Ullrommet 
sjå meir på bloggen hennes  se her










Har vore eit bilstrikk og feriestrikk :)


Dette er blitt eit varemerke på det eg strikkar til min kjære gubbe :) Det har blitt nokre plagg etterkvart. 


Eg strikka rullekant oppe i staden for brot med to rette og to vrange som eg har på armane og nede på genseren.
Eg strikka genseren på pinner nr 5,5.


No held eg på å strikke laus hals til kalde dager.



klem
Lilla dør

lørdag 22. august 2015

Rabarbrasaft i august


 Nesten tre kilo med reinska rabarbrastilkar.... eg planta nye planter seint i vår / tidleg i sommar. Eg gjødsla dei godt sidan eg har slite med å få til rabarbraane.....når eg no eg kom heim etter ferien hadde dei tatt av. Vakse nokså mykje. Så då tenkte eg at sidan desse har vakse no i juli og august kunne eg laga saft av dei sjølv om eg har lært at dei skal haustast før Sankthans. Men då var dei knapt planta;))))



 Eg brukte saftkoker og safta vart kjempegoé






Ellers har eg vore så heldig og fått/kjøpt meg eit ullteppe. Eg skal ha det på hytta.... ein kollega har strikka det til meg........tusen takk. Veldig fint strikka i ullteppegarn.



Eg gleder meg til å ta det med og ta det i bruk til vinteren på drømmeplassen min.


Sjå dei fine kantane ho strikka.

klem
lilla dør

torsdag 20. august 2015

Ny bok og mange lyster


Kom over denne boka i går......måtte bare kjøpe den. Eg trur den er heilt ny. 


Bare ved lese om forfatteren og om plantefarging bak på boka vart eg gira :))))
Måtte finne fram fargeprøvene mine som eg laga på Jølster Heimyrkesskule for maaaaaange år sidan. Hundrevis av fargeprøver og oppskrift:)


 mine prøver (litt av dei)




 fortsatt litt av mine fargeprøver




 Permen er heilt full


 Så no håper eg eg kan ta opp igjen gamal lærdom. Dette må bli kjært prosjekt på hytta saman med mine håpefull som også liker slikt


 Boka viser litt av mulighetene 


Tenk å stå ute rund grua og farge flott garn........

Klem
Lilla dør

søndag 2. august 2015

Fiskelue nummer to :)


 Nå har eg endelig fått festa tråden og tatt i bruk lue nr 2. 
Mønster frå Bittamis design med egen variant med felling og trådvalg.

 No har gubben og eg kvar vår :). I tillegg har vi fått ei av svigermor til å ha på hytta. Luene er allerede i bruk, mjuk og lett ullkvalitet. Veldig fornøgd.


 Fotografert ved stranda på hytta ...... vår ferieparadis. Sjå Instagram under #verdasjillastehytta 



 Flott på sjøen i går kveld. Nå er me klare til ny tur for å prøve fiskelykka:) 

Klem
Lilla dør