onsdag 22. april 2026

Dukkehus samling


Siste klubbkvelden før sommeren laga me små vesker av små stoffbitar med vatt inni. Fine vart dei. Veldig jille kvelder hjå Tone Henningsen Høie, bitteliten miniatyr. Eg er heldig som fekk være med der. Takk for mykje inspirasjon og glede. Mange flinke og kreative damer.
.



Me laga nokre små barnklær til pynt på barnerommet. sydde litt og limte litt

































klem
Lilla dør

søndag 19. april 2026

Lin pute bestliing



Kjøpte 3 meter med lin på selfmade, då ein mine håpefull trong  fiksing  av nokre gamle men gode dun puter til ein sofa. Eg sydde nye inner puter i bomull
.

dette stoffet fannn me i verkstaden til pappa når vi rydder der , Har lagt på modning i mange år. det vart ei kule pute med stoff frå 70 tallet  har fått bestilling på fleire av dei.



 Klem
Lilla dør

søndag 5. april 2026

Stolt bestemor


Her lages sitteunderlaget. Fire fem lag med ull tovast i hop. Plansliper er god hjelp og gjere det enklere.
.

Motivene filteres på underlaget. Sjå dei fine kyllingane som dei lager. Det er vist einvplan om fylle heile sitteunderlaget med kyllinger og egg. Dyktige jenter.



Eer så imponert av kva dei får til å lage.  Toving er ein veldig kjekk aktivitet.


Gåve til ein onkel. Motivet er fra brygga hans. Fisker og drikk kaffi. Veldig populær gåve. 



Klem
Lilla dør

fredag 3. april 2026

Marengskyllinger


Barnbarna og eg hadde eit prosjekt på hytta no i påska. Laga marengskyllinger. Kjempeartig.  Dei vart både kule og gode. 


Her får dei auge og oransje nebb.



Noen var gitt bort i gåve men dei fleste vart påskesnop



 

 No fyrste påskedag er bar desse forlatte kyllingeane igjen og blir nok dessert i morgon. Må nok prøve og lage fleire ein annan gong.  Fann oppskrifta på Instagram. kjekt med noko nytt, så takk for inspirasjon.


Klem 

lilla dør

mandag 30. mars 2026

Rød kornellbusk


Me rydda i kornellbusken no i vår.... det vart ein krans eller to..... hadde planer om meir men eg rekke ikke alt ein har lyst til......men det kjem vel fleire muligheter.
.

 Klem
Lilla dør

onsdag 25. mars 2026

Farging av ullduskar


Klubbprosjekt - farging av ullduøskar fra ullfell.  Kaldfarging, der vi miksa og blanda fargar til vi fekk den valøren vi ønska. Eg er heldig som går i ein så kreativ strikkeklubb. Denne kvelden var temaet farging av uldduøskar. Kjempekjekt, og fornøgd vart eg


Gul og orange med litt rosa saman med. Her før tørking.


Til tørking



 Klare. Må nok strikke kvar si lue til dei fem små prinsessene mine.



Klem
lilla dør

tirsdag 24. mars 2026

Miniatyrtreff


No etter jul byrja eg eg å gå i eit minatyrtreff ein gong i månaden med ulike tema. Kjempeartig, då eg liker godt å lage til dukkehuset pluss pluss. 
Ein kveld laga me små mapper. Me sydde på perle kant. Godt det finnest lesebriller og forstørrelsesglass..


Siste treffet eg var på lag me små esker med bretta skjorter oppi.



 Dette bildet er fra dukkehuset mitt. Eska med skjorta ligge på senga der.

Klem
Lilla dør