søndag 6. april 2025

Marimekko kuvertbrikker


Eg hadde 50 cm av dette marimekko stoffet liggande, som nemt før er eg veldig glad i desse ulike marimekko kuvertbrikkene. Av dette 50 cm stykket stoff fekk eg tre store brikker.
 

Vart tre stykk !!




Passa perfekt no på våren og forsommaren


Har nokre få deler av servicet som har samme motiv. Må nok ønske meg nokre koppar i same motiv. Er visst hekta på marimekko koppar. Kanskje ein dag kan eg legge ut hyllene på kjøkken veggen. Eller dokke  kan kome innom på ein kopp kaffi. :)))


PÅ bildet over ser dokke namnet på denne marimekkoserien.  Bruker ta med det på eit av kurvebrikkene. Jillt å halde rede på namnet på dei ulike seriane.




Klem Lilla dør 





 

torsdag 3. april 2025

Egg av bjørkegreiner


Egg av bjørkegreiner
 

Klippa greinene opp i 2 til 3 cm bitar. Fordel at greinen er tørre. blanda det med trelim og hadde det opp i eggeformer (påskeegg i papp) som var dekka med plastfilm. Laga to halve egg og så limte eg dei saman.




Kjekt å prøve.......
fine inn som bordpynt til påske og ute på hagebordet.

 



 

 Klem
Lilla dør

lørdag 29. mars 2025

Harepus i finull og plum




Mønster og design: Aftenstrik. Har gitt ut eit hefte med mønster på harepus pluss klær. Strikka i Plum og finulll. Fylt med ull.
.

Her manglar armane ,snart i mål :)








Veldig kjekk og snar å strikke. 


 Klar til å strikke teppe og klær. Kjem meir i eit seinare blogginnlegg om klærne.


Klem
Lilla dør

onsdag 26. mars 2025

Trollhasselkrans x 2




Me hadde klippa og beskjæret trollhasselen/vrihasselen vår.  Laga to store kransar av trollhasselen, surra den godt med tynn ståltråd til den fekk ei rund og stabil form. Den eine hengde på husveggen den andre bruker eg til borddekorasjon ute på hagebordet.



Veldig kjekk å lage. Blir veldig fyldige og dekorative med trollhassel




 Klem
Lilla dør

tirsdag 18. mars 2025

Krans av tørkastrå



Laga meg ein vinterkrans av tørka strå/blomster fra ein blomsterbukett eller to. Surra det på ein bjørkekrans eg hadde. Kransen vart meir stabil då. 






 Klem
lilla dør

 


mandag 17. mars 2025

Silketrykk på stoffbit


Eg hadde fått eit stoffsttykke-remse på 30 cm brett med silketrykk fra dattera mi.  (Eg
har meir liggande med andre motiv.) Delte stoffstykket i to og sydde det saman til eit kvadrat.



Quilta motivstoffet, bordfilt og bakstykke saman. Slik:


Brukte ein grønn lukkekant



 


Vart vårens kjøkkenduk på spisebordet. duken vart 55 x 55 cm ferdig med lukke kant.


 Klem

Lilla dør

lørdag 15. mars 2025

Kornellkransar


Har vert litt hekta på kransar ...... me klipt ein del greiner av kornellbusken. Greinene gav mulighet til to kransa i flott rødfarge
.

Fin måte til rydde opp greinene på samtidig ein jillte aktivitet.




Dei enda i drivhuset til pynt men usikker om det er lurt, usikker om dei vil misse litt av den fine fargen. Tida vil vise.


Klem
Lita dør