tirsdag 11. januar 2022

Nissehus del 2


Noko på gang...liker det. Eg trong hjelp av gubben.


Gubben laga ein ny etasje til nissehuset. Hadde for mange nisser og idear så det gamle huset var for lite :)))




Fekk til og med "utedo" med to seter


Laga meg nokre små dorull på ca 2 cm av tørkerull og sugerør.


På terrassen på nissehuset er det stemning med julelys og stemning.


Badenissen har fått plass i stampen.....


Kjøkkenet byrjar ta form med kjøkkenbenk laga av gubben. Eg sydde forheng på den.  Kjem nok meir etter kvart......


Holder fortsatt på med litt beising og hyller. Kjem eit nytt innlegg om nokre dager. Sjølv om det er blitt januar blir det litt nissehus her ennå. Har planer om å pakke det vekk når eg fått det meste på plass...alt tar tid men jillt.  


 Klem
Lilla dør/nissemor

fredag 7. januar 2022

Dei fyrste strikkeprosjekt i 2022



Då eg var i New York i 2012 kjøpte eg mellom anna denne strikkepakken hjå The Yarn Company.  Men no er den ferdig .... endå ein ufo klar. No har gubben fått den. Garnet er i merino, lett og behagelig.


Vart bilstrikk i romjula på vei til verdasjillaste hytte.


The New  York lue :) 



Det vart to luer ...... den andre strikka eg av ullgarn får ullrommet, garnet Suffolk


Endå ein ufo, iallefall garn fra garnlageret. Kjøpte dette garnet hjå Ullrommet, ho har spunne garnet. Garnet Suffolk 2-tråds ullgarn. Eit kvalitetsgarn av ull fra sauer som bur på Finnøy . Suffolk 100gr/140m. Håndvask 30 grader. Strikka på pinner nr 5,5. La opp 64 masker.





Var igjen ein liten rest som vart eit slumreteppe til nissehuset:))). Alltid jillt å bruke garnrestane. Har vert i "nissemodus" i det siste .....


 Klem
Lilla dør

torsdag 30. desember 2021

Nytt service i heimen


Sjå det fine servicet eg fekk til jul....kan det bli bedre. Iallfall når designerane er bestemorgull.


Designa/tegna av mine to eldste bestemorgull. På to og fire år.




Gler meg til å dekke frokost bord med desse fine eggeglassa. Dette varma eit bestemorshjarte.



 Klem

Bestemor

onsdag 29. desember 2021

Dyne og pute til dokkevogn



Eg sydde kvar sitt dyne og pute trekk til to av barnebarna mine. Som innerpute brukte eg Ikea si barnepute. Til putene delte eg ei innerpute i to.
.


Eg liker godt slik søm.... det må nesten være det ein  kaller syromkos  :)) Skulle berre hatt endå bedre tid...... mykje jillt ein kunne ha laga. men eg må være glad for dei stundene eg har.....  


 





Klem
Bestemor

mandag 27. desember 2021

Oldemorstrikk

 



To av mine bestemorgull fekk seg nye luer og halser til jul av mi svigermor, deira oldemor. Eg er imponert over at ho med lite syn og masse hjelpemidler for å se klarer og har veldig glede av strikket  sitt ennå. Ho nærma seg dei 90.  Tar hatten av for det. Dei andre barnebarna og oldebarna fekk og strikk 

Fekk prøvd strikket andre juledag med tur til stranda..... 






Klem
Lilla dør

søndag 26. desember 2021

Jula varer jo heilt til påske ....:)


Eg starta på denne prosjektposen våren 2018..... sjølve motivet og applikasjonen vart gjort då.
Motivet er inspirert fra Pinterest. Sydd i lin med bomullsfor. Eg klarte endelig å sy den saman og for den.... gler meg til ta den i bruk med eit lett vårstrikkprosjekt på nyåret.



Kjekt når ufo blir ferdig



Applikaasjon vart frihåndsydd med symaskinen. Der eg brukte stoppefoten. Eg liker godt den teknikken

 Klem
Lilla dør

Trengte plutselig to nisseluer :)))




Då er det godt å ha stofflager..... lurer ofte på kva eg skal med alt eg samler på. Er visst ein samler når det gjelder stoff og garn :))). Dette røde stoffet har lege lenge 10-20 år?, men plutselig trong eg det. God følelse. Desse bestemorgulla skulle til oldemor og ville gjerne ha nisseluer på seg...... kjekt for oldemor med smånisser som kjem på besøk i hagen.
.

La stoffeer dobbel og klippte .... målte fyrst hodeomkretsen. Dette er strikkstoff med ferdig oppleggskant...perfekt til prosjektet. Eg fekk to nisseluer på under fem minutt.


sydde dei på overlocken






 Har fortsatt meir stoff til nye prosjekt.:)))


Klem
Bestemor/lilla dør