søndag 23. august 2020

Barnehage vest



 Har hatt dette prosjektet liggande lenge ein ufo. Har endelig fått strikka det ferdig i sommar..... Kjøpte materialpakke hjå Ullrommet for mange år sidan..... vart ferdig til slutt.



 Strikka i kidsilk



 Klar til bruk, foreløpig ligger den i gåve skuffa mi på lur......pluteslig er det noen som treng den.


Bestemor strikk 

Klem
Lilla dør

onsdag 5. august 2020

Baby vest




Fann oppskrifta i dette heftet... Strikka det i den minste størrelsen i tynn merinoull. Eg brukte nesten eit nøste. mønsteret er det Susie Haumann som står bak.
Vart eit av fleire sommerstrikk, gler meg til å bli 
bestemor igjen til hausten. 


Klem
Lilla dør

søndag 2. august 2020

Vogge til dokka til eit av bestemorgulla


Det yngste barnebarnet vår blir 1 år idag. Har laga til vogge med sengklede til dokka hennar. Fekk kjøpt ei trekvit vogge som eg har malt i ein fin dus grågrønn farge.


Kjøpte vogga trekvit, malte den i fin grågrønne fargar..... veldig fornøgd med det. 



 Sydde blomstrete trekk på madrassa. 


 Sengesett følgde med vogga. Har laga ny innerdyne. Sengesettet er gamalt hardangerbroderi som har gjort nytten. Knallfin. La det i sterkt Omo vatn og det vart heilt snøkvitt.



Klem
Bestemor

mandag 20. juli 2020

Plantefarging med høymol


 På hytta er det alltid kjekt med litt plantefargingsprosjekt. Kan stå ute i skogkanten ...gir ein spesiell stemning. Denne gongen prøvde eg meg på høymol. Det gav fin farge.



 fra oker til oliven grønn




 Her har tatt dei med ned i fjæra se fargespillet :) liker det





 Klar til beising og farging. Har brukt mykje finull i det siste.



Klem
Lilla dør

onsdag 15. juli 2020

Bind deg ein blomsterkrans


 Me feira dagane til Rut og Ruth i sommer på hytta. Svigerdattera mi laga ein flott krans av markblomster ho fann i hyttehagen. Vart brukt til både bordpynt, og pynt ellers. Me la den i litt vann etterpå i ein sinkbalje.  Den heldt seg veldig lenge der den stod på hytteterrassen. Kjekk sommarpynt:)





Fortsatt god sommer

Klem
Lilla dør

fredag 3. juli 2020

Vaskekluter


 Oppskrift og idear er Peptitknit sine. Tenkte dei var kjekke for barnebarna. 


 

 Eg broderte ansiktet med grått bomullsgarn i staden for svart. Har vært greit bilstrikk.


Klar for badekaret.....venter bare på at barnebarna skal dukke opp på #verdasjillastehytte.

Klem
Bestemor/Lilladør

søndag 21. juni 2020

Marimekkobrikker




 Fire store kurvebrikker. Hadde grønn lukkekant på tre av dei, men mangla litt til den fjerde. Den vart blå. Eg synest det er heilt ok at dei er litt ulike. Kjekt å bruke fra stofflageret (for det er stort) :))


Sommerbukett fra staudebedret mitt


 Mugrugs



 Eg quilta dei med symaskin.



 Fargerike marimekkobrikker. Klar til bruk. Kjekt med friske sommarfargar til sommarbordet.


 Sommarkveld på terrassen


Klem
Lilla dør