fredag 16. september 2016

Løsmaskene har hatt treff igjen...ein dyktig og kreativ gjeng


Sjå dei fine fargenyansane..... 
eg digge dei :)


Då me kom på sist klubbkveld  hjå Ullrommet stod indigogryta klar og me fekk legge oppi og farge medbragt gjennomvått stoff og/eller garn. Heldige meg :)


Organisk indigofargebad, eg trur det var med fruktose.


bomullsgarn etter at det er farga. Eg gler meg til å strikka av det


Dette er lin servietter etter bryllaupet i sommer som eg putta oppi.





Ei hespe med bomull og ei med lin,  ulikt fargeopptak og sjateringer... knallflotte spør du meg.


Ullrommet har gått på kurs og farga dette i ecoprint.  Og så var eg så heldig å få desse stoffa av ho.
Så no må eg finne på noko lurt og kjekt å sy av dei.


Fantastisk


Dette silkegarnet hadde ho også farga ..... eg fekk dei til testing av det til broderi og quilting. Eg trur eg må prøve både med symaskina og for hånd. Kjem meir....


I ecoprint hadde ho brukt mykje blader i trykket. Kjempe fint!!! Dette er avtrykk orginalane med mykje meir farge på. Dette kan vi vel heller kalla "negativene "til sjølve trykket.... 


Tusen takk for fantastsik kveld og gåver frå Ullrommet.

Klem
Lilla dør

torsdag 8. september 2016

Sjøvottar


Kjøpte garnet på Eikefjorddagane 2016 i sommar, med formål å strikke sjøvottar som er varme og  isolerar godt mot ver og vind.


Villsaugarn
Sørveret 

spunne av Hillesvåg


 Fint bilstrikk og:)


Terrasse strikk


 Strikka det ein paret i to rette og to vrange. I grunnen godt fornøgd med det, dei satt godt på hånda desse



 Då eg kjøpte garnet fekk eg beskjed om at eg måtte strikke dei litt store og la dei tove seg ved bruk, så tilpassar seg handa etter kvart.
Dei med ribb-brot og glatt strikka skulle ha flyndreform:)....eg trur min har det:)


Kjøpte 400 gr garn brukte ca 200 gr på desse tre para med vottar. Kan bli luer av resten.


 Sjå det flotte veret sist helg på Obrestad. Eg tok vottane ut der for fotografering.... få litt sjø miljø. Det fekk eg, men det vart nesten for fint ver til å fotografere vottar, men slik vart det.


 Fint på Jæren og



 Var jillt å strikke vottar. Kjekt med slike ting som går fort. Vottane strikka eg på pinne nr 4


Ha ein fin haust... håper det må bli lenge før eg treng
 desse vottane .  Satsar på at dei kan takast i bruk i vinter når vi er på hytta og sjølivet freistar.

Klem
Lilla dør

onsdag 7. september 2016

Fiskeputer


 Sist eg var i Oslo kom eg over desse kjøkkenhånddukane hjå Åhlens ( eg trudde igrunn det ikkje fantes slik butikker i Norge igjen men tydeligvis fantes det i Tigerstaden). Men veldig fornøyd..... 
Så desse kjøkkenhånddukane vart framsida til to puter....med 6 sømmer med overlocken var det gjort!


Desse putene passar inn i samling med "fiske" puter i sofaen til spisebordet på hytta





 Passa perfekt i ei 50 x 70 cm pute


 Hadde dongeri til bakstykke


Klem
Lilla dør

søndag 4. september 2016

Meir maritime gleder


 Eg har leika meg med ulike fiskar som lett kan bli til både løper, brikke eller ....



Sydvest ....  kva skal det bli til?

No er eg klar for syrommet igjen.  Har planar om ei pute kanskje med vimplar og livbøye??:).  I grunnen litt artig.  Jo meir ein syr til meir idear får ein....det likar eg.

 Idag har det vore fantastisk ver her på Jæren med sol og stilt. Fantastisk fint september ver, men fyrst er det ein strikkepose som skal nordover som eg må sy ferdig.

Ellers så minner eg om at det går mot påmeldingsfrist for kurset eg skal ha i Florø.  Er du interressert må du melde deg på.

Se her for påmelding

klem
lilla dør

onsdag 31. august 2016

Nupereller........ må bare kjøpe dei når eg kjem over dei til gi - bort pris:)...



 Når eg kjem over slike skattar må eg bare kjøpe dei.  Desse kom eg over sist eg var innom ein Fretex butikk... Pris kr 39,- pr stk. Tenk på arbeidet som ligg bak kvar brikke og tenk så få som kan denne handarbeidsteknikken. Eg har vel ein samlemani på dette:) Så her vart det eit kupp!!!!....igjen. Eg kjøpte langt frå alle denne gongen (angrar no)


Dette flotte fatet frå Figgjo stod der og



 Sjå kor fine dei er!


 Litt uvant med grønnmelert, men kult. Gamalt og nytt på bordet i stova no.




Klar for fleire :)

Klem
Lilla dør

mandag 29. august 2016

Sommerens hemmelige strikk


 Sommarens hemmelege strikkeprosjekt kunne leverast i helga. Ein av prinsane mine fylte år.:) Eg trur den falt i smak og ikkje minst at eg traff størrelsen. Til ein ivrig friluftsgutt passa det med ein lett alpakka/merinoull genser, varm og go´e. Eg brukte kjærlighetsgenseroppskrifta til Skappel i utgangspunket, men med min eigen vri. 
Har strikka mange av desse genserane etterkvart;
den fyrste
den andre
den tredje
blir nok fleire i ein eller annan form :)



 I staden for å strikke hals på genseren strikka eg laus hals som har fleire bruksområde som buff, dobbeltlue og sjølvsagt som varme og goé hals. 


Vanntett innpakning :) klar for neste tur enten til fjells eller på sjøen.


asfalt grafitti i inngangen :)

Klem
Stolt mor

torsdag 25. august 2016

Maritime gleder


 Helga 24. og 25. september skal eg ha kurs i Florø. 
Det nærmar seg påmelding.
sjå her for meir informasjon og påmelding



Det ligg litt inspirasjon og ideer til kva vi skal sy på bloggen.
 Sjå under etiketter Maritime gleder kurs Florø hausten 2016 i margen til høgre her på bloggen. Det kjem meir etterkvart.
 Sjå ellers under bloggen til Florø Husflidslag og annonse i Firdaposten i dag.

Klem
Lilla dør