lørdag 20. februar 2016

Gult er kult



Veldig fornøyd med denne gulfargen. Har malt ei dør med den no.......


Litt maling i heimen for tiden.....dører pluss pluss pluss........har meir småplaner.
Blir aldri arbeidsledig når ein har hus og hage.



 Fyrste strøk er gjordt dette blir bra !!!!! gult er kult. 


 Det er noko med våren, me har behov for litt friske fargar. 




 Veldig fornøyd.....nokre dører er blitt kvite ei gul ;)).

Klem
Lilla dør

onsdag 17. februar 2016

Hekla sitteunderlag



 Sist helg fann eg ei oppskrift på hekla sitteunderlag på ull.no. Design Hifa - Berit Løken. Måtte bare teste den ut:). Fann ca 800 gram med ullgarnrester i friske vår fargar. Hekla dei med heklenål nr 9, så eg brukte ulikt antall tråder alt etter tjukkelsen på garnet. 


her går det i oransje.




Eg hekla 4 sitteunderlag ca 39 - 40 cm ferdig mål. 



 Etter fire sitteunderlag var det ikkje mykje igjen av garnlageret i dei fargane......jillt med tom korg. Totalt brukte eg 760 gram fordelt på dei fire sitteunderlag.







 Klare til bruk.
Fine til ha med på tur, eller i stolen på terrassen......





Her fann eg oppskrifta som ligg gratis på nettet



Ha ei fine fargerik veke forsatt

Klem
Lilla dør

mandag 15. februar 2016

Veskekurven med sauestoff


Eg måtte bare prøve å sy ei slik veskekurv eg og ....plutssleg hadde eg sydd tre stykk. Greie å sy. Denne er orginalstørrelsen men bare med lengre hankar.

Mønsteret er Ryum Quilt sitt.
Veskekurven heiter det og kan kjøpast på nettet.




 Eg sydde  desse to i dette stoffet litt større en originalen.




Eg likte godt dette stoffet som eg kjøpe på quiltebutikken på Bryne.


klem
Lilla Dør

søndag 14. februar 2016

Valentinsdag :)


 Sei det med roser er det visst noko som heiter..... 


 Det vart litt baking i helga. Gul kremkake som me kaller det her i huset..... Mange av dei håpefulle var innom i helga og då er det ekstra jillt å bake:)


 Ide frå facebook,  hjertekanelsnurrar... dei falt iallefall i smak. Artige å bake og.


 Eg fann ein link til oppskrift på hekla hjarte til å ha under koppen som bordskånarar på bloggen Vårli idag. Måtte bare prøve den... vart fort eit hjarte og er igang med nummer to. Fint til å bruke opp smårestegarn ;).



Ha goè veke...... 
Vinterferie for mange. 

Tusen takk for goé tilbakemeldinger og kommentar på bloggen. Alltid  like jillt det.

Klem
Lilla dør

tirsdag 9. februar 2016

Eg har klyppt ned billedveven


Endelig ferdig med billedveven:)
Har gått og vove ein gong i månaden saman med 7 andre. Mykje lått og løye har vi hatt. Gruppa mi blir kalla "dei galne". Me har det kjempekjekt saman med den dyktig læraren vår Ingrid Vinningland.




No har eg bare att å feste trådane....... har brukt lang tid på denne veven. 


 Vi pleier alltid å ha kaffi og noko attåt. I dag slo Anny til med marsipankake og sjampis (aloholfritt då). Skulle markere at vi var tre stykk som var ferdige i kveld med veven sin: Alltid stort å klippe ned ein billedvev.



 Sitronkake


 Eit mesterstykke som Gerd har vove og klipte ned.


 Anny var ferdig og



Anny sitt.


Takk for mange kjekke vevetimar saman.....
Her har eg vove ungane mine ....... ei tid tilbake men eg trur dei kjenner seg igjen.
Kanskje klar for nye prosjekt!

Klem
Lilla dør

søndag 7. februar 2016

Plannlegging og drøm om sommer og masse pelargonia



 I siste nummer Hagebladet var eit av temaene Pelargonia. Det er ein av mine sommarfavorittar. Står lenge, blomstrar mykje og er lite kravstore. Tenk så mange egenskaper. Kva då med ein eller to eller tre koppar kaffi og sjå og drøyme seg bort ......


 Denne boka kjøpte me ei tid tilbake. Trur det var på ein danmarkstur. Knallfin bok med mykje inspirasjon.


Her kan du drøyme og lengte til sommaren. Gubben held på med eit hage prosjekt no.....gleder meg. 


 Har allerede fått meg to "prinsar" i kjøkkenvindauget. Dei kjøpte eg her om dagen. Måtte bare ha, dei ropte etter meg. Har fleire i kjellaren som står venter på ny vår.

klem
Lilla dør