søndag 15. november 2015

Kulturell søndag med meir :)


Fotland mølle denne regnfulle novembersøndagen... men ei fargerik og fantastisk utstilling av Sissel Ruud.


 Lite glimt frå utstillinga.


 Mot fossen. Fantastisk natur.....




 På Klepp Rådhus hadde Storm Juliussen jubileumsutstilling.  


 Fantstisk skutemaleri og andre motiv......


Flott utstilling med særpreg og stemning.



 Tomatsild etter Marit på Trapp Ned i Førde si oppskrift. Mykje ein lærer enten ein er på kurs eller har kurs. Veldig goé men den varer nok ikkje til jul denne... ser det som eit prøveprosjekt. Lyt nok lage ny til jul:) 


Lammerullar er eit must for jula. No er dei i boks:) Klar til saltlake og koking.



 Ei av jentene mine var innom:) . Eg fekk tatt eit bilde av den nye genseren ho hadde strikka seg. Kjempe fin og i nydelege fargar Kjekt når døtrene og svigerdatter finn glede med strikkepinnane.




Dette bildet er frå kafebesøket mitt i går...... hadde bydag. Legg merke til at det er i morgontimane før dei fleste var kommet seg til byn. Stilt og roleg. Med godt lag kan det nesten ikkje bli bedre start på fridagen.

Ha fine veke. 
Klem
Lilla dør


fredag 13. november 2015

Stikking med ubehandla ull...


 Villsau ull (trur eg det var) fått av Ullrommet. Heldige meg som kjenne ho og i tilegg går i klubb med ho. Løsmaskene som vi kaller oss :).
Sist fekk me prøve strikk rett frå ullposen. Min prøvelapp vart ein bordskåner. Kjempeartig. 



 Denne er strikka av ullrommet. Vart det ikkje fint og tøft. Eg har lyst å strikke sitteunderlag og/eller pute. 


 Her er eg i gang med ein prøvelapp......eller ein bordskåner




Ullrommet demonstrerte det og selde ull på strikkefestivalen sist helg.

link til ullrommet

Ha ei fin og kreativ helg......snart advent. Kanskje tid til å byrja sy og eller strikke litt julegåver.

Klem
Lilla dør

torsdag 12. november 2015

Strikkehelg i Stavanger helga 6. - 8. november


Eg hadde ei kreativ og jille helg sist helg på strikkefestival i Stavanger. Eg og nokre venninner hadde planlagt det i lang tid. Og festivalen innfridde forventningane våre.  Eg gjekk på tre workshops/kurs pluss strikkemiddag lørdagskvelden.


 Lørdag var det japansk med Linda Marveng. Planen no er å strikke ein hals i dette mønsteret. Har både mønster og pinnar og så får vi sjå etter kvart.



 Bente Geil hadde talen på festen.


 Lotteri var det og men ingen gevinst på meg ;) bare dei rundt meg. 


 Eg har garnkjøp-stopp men men ......måtte bare ha desse plantefarga garna. Fantastisk fargeskala i duse fargar.


 Litt av butikkane, mykje fint men eg berre såg for det meste. 


 Søndag var det "Strikk eit bilde workshop" Grafisk Gobelinstrik med Charlotte Kaae. Då fekk vi besøk av Tv-Vest så no har eg vore på tv :)



 Mønsteret eg laga og holder på å strikke i nokre fine lilla fargar.
Kanskje kjem det meir av det etter kvart om eg får utvida døgnet.


 Stavangerlua 2015,  design og ide Pinneguri. Der ho hadde oppmoda folk som skulle på strikkefestivalen til å strikke ei slik i sin farge. Ho utlyste konkurranse,,,,,,, her er resultatet.



Eg  rakk og eit kurs til søndagen i oppklipp til stolpekant uten symaskinsøm:))
Pinneguri heldt det kurset.

 Ann Myhre ( pinneguri)



Mange kjente og flinke kurshaldarar. Eg håpar på fleire slike helger.
Klem
Lilla dør

lørdag 7. november 2015

Hortensiakrans ein fredagsettermiddag er ikkje feil




Sjå dei fargane i den blomsten..........
 Kan det bli finare enn dette. Eg er så heldig og har fått fleire fine hortensiabusker i hagen. I år har dei vore ekstra fine.




 Vart veldig fornøyd og stolt av min fyrste krans. 


 Spent korleis den blir når den tørkar.



Ha ei fin helg!

Her er det strikkefestival i helga.

Klem
Lilladør

fredag 6. november 2015

Kurshelg


 Sist helg (31. okt. og 1. nov.) hadde eg kurs i Førde hjå Trapp Ned. Dei held til i eit gamalt hus med sjel midt i Førde sentrum. Kan anbefale ein tur innom der. 



 Så då var snømennene mine og juletreteppene mine på tur igjen.


 Marit på Trapp ned har eit fantastisk stoff utvalg......fristelsene er mange ;) ikkje kvar helg eg 
overnattar i ein stoffbutikk.



Glimt frå kveldsmaten lørdagskvelden.


   Kursdeltakarane laga mykje fint.



 Søndag gjekk turen til hytta. Eg fekk to fine dager der i fint haustver.


 Viktig med mange og gode kaffipauser. Ekstra jillt når me kan nyte novembersola ute på hagebordet.


 Litt opprydding i hagen vart det og tid til


Fargerik lunsj i det fri.



 Hausten byr på fine og inspirerande fargar. Ivgrunnen har kvar årstid sin sjarm.


Klem Lilla dør