lørdag 7. mars 2015

Presang






 Fekk fatt i sauestoff i Tyskland sist helg.... veldig fornøyd med det.  Denne veka har eg fått sydd eit strikke nett som eg skal gi som presang. Til ein strikkeglad 90-åring :).


 Artige sauer som motiv.




 Eg fylte det med lobbegarn..... blir nok mange gode sokker av det.

Klem
Lilladør

torsdag 5. mars 2015

Helgasnop :)


 Fekk fatt i materialpakke frå strikkebutikken min på Bryne. Det må jo vera eit perfekt helga snop når eg skal tilbringe 16 timar i bil. Me har jo perfekt arbeidsfordeling. Mannen kjøre og eg strikkar eller søv.


Fine farga


Den har tøffe ryggsekk på seg :)


Er dei ikkje fine? Gler meg til å strikke dei...må no verte ferdig til påske!

Klem
Lilla dør

onsdag 4. mars 2015

Fått litt meir :)


Eg fann tre djupe tallerkenar og to middagstallerkenar på Gjenbruken på Klepp.

se her
om tidlegare ynskjer.

Kunne godt ha tenkt meg koppar. Har noen eit tips om det er det berre å sei i frå.


Klem
Lilla dør

tirsdag 3. mars 2015

Stuttgarttur igjen



 Brezel er eit must.


 Ny stor stoffbutikk oppdaga eg.... 



 Denne populære blomster og interiørbutikken i  Markthalle  må eg ha med meg når eg er der. Gir mykje inpirasjon og påfyll.




 Masse tid til kos og avslapping med kaffien og stikkepinnane


 Kaffi i venninekoppen passa godt.


 go´e frokoster 


 1/2 liter med cappuchino er ikkje feil heller saman med fritt internett



 Lørdag tok vi toget ut til Esslingen. Finn liten by ca 20 min med tog frå Stuttgart.


 Dei kan det med blomster i Tyskland. Kunne hatt ein slik bukett. 



Takk for fin tur Venche. Eg sette stor pris på at eg fekk vera med.

klem
Lilla dør

mandag 2. mars 2015

Esslingen på lørdag på strikkekafé.......fantastisk




 Denne strikkebutikken som ligg i Esslingen har eit fantastisk flott konsept spør du meg. Selger garn, oppskrifter etc.  I tillegg har dei kafe der ein kan kjøpe ulike typar kaffi, te og vin. Kan det bli bedre.
Eg var der på lørdag, sjølv om det var fleire sitte grupper var det trongt om plassen..... tenk for ein flott sosial arena der ein i tilegg kan sjå og kjøpe garn.
Som dokke ser  har eg vore heldig og vore på venninnetur til Tyskland igjen......heldige meg som har ei venninne som har leilighet der. Blir nok ikkje siste tur heller.


 Massssssse flott garn var der og, 
både tysk garn, japansk garn og andre ulike garn hadde dei. Skulle snart selge Norsk garn og:)



 Her kunne du studere og finne ut kva du ville starte på saman med ein kaffikopp og gode venner.


 Her  er det nye hekleprosjektet til mitt fantastisk reisefølge og venninne.


 Masse fristelser


 masse inspirasjon







 I gata bort mot togstasjonen var det pynta med ulike strikk og hekl på søylene.




 Denne lille fangsten vart det på meg denne gongen:) Hadde bestemt meg for at eg skal prøve å strikke ned litt på lageret mitt.
Men eg måtte bare ha desse vårlege og fine strikkepinnane...utstyret må jo være i orden.



 Litt nye mønster vart det og. Her står oppskriftene både på engelsk og tysk.


Dette vart som sagt min garnfangst på denne turen, i tillegg til gult garn som eg allerede har hekla noko av. Det kjem i eit anna innlegg seinare i veka truleg.

Ha ei fin vårveke
Klem
Lilla dør

tirsdag 24. februar 2015

Ny pose til ullteppe


 Alle mine håpefulle har fått med seg ullteppe ut i den store verden:). Gode å ha når dei liker friluft og hybelliv :). Godt å ha som ekstra varme i soveposen i snøhola, teltet eller på togturen. For å gjere dei meir praktiske laga eg trekk til teppet som igjen kan brukast til pute.


Desse har vore veldig populære......det likar eg 


 No var det junioren som trong ein nye pose mellom Nepalturen og snøholeturen på Hovden.
Må innrømme at ullteppet har eg kjøpt på jobben:). Heimespøta og knallgoé tepper.


Klem
Mamma

mandag 23. februar 2015

Ei fin men annleis helg:)


 Eg har prøvdt å lada batteria..... nytt påfyll. Var litt bekymra igår sidan eg ikkje har tatt i handarbeid så å seie heile helga... ikkje normalt men........ eg håper eg er frisk :)


 Faaaaaantastisk flott bok. 
For dei som likar farga og interiør. Eg fann ei slik bok på Mammut salget. Måtte kjøpe den og. Så no har eg ei eg kan gi bort.  Har ein plan.


 Snop har me hatt i hus denne helga. Om det er VM eller besøk av nokre håpefulle....usikker:)


 Fått fram litt vårstemning i heimen



 Kafebesøk med godt lag. Det liker eg:)


 Vår på stovebordet ...frå hagen



Eg kjøpt meg fleire nye bøker.  Denne, Veien til lykke, har eg høyrt mykje positiv om.... har bladd litt i den ...eg trur det er fin bok med mange gode tanker....  det å ha fokus på det posetive:)
Sjølv om eg føle meg ganske lykkelig for tida:) mykje jillt på gang. 


 Kaffistunder med denne koppen måtte jo bli bra..... eller bare nyte den som pynt.
 Igrunn ein blomsterbukett i seg sjølv. Sarah Reed har designa koppen.

Varm sjokalde i solglimt på terrassen er fantastisk!!!!
 Det minner meg på at det vår og me kan innstille oss på mykje uteliv:)
Kvit sjokolade kan anbefalast.



 Ranukler er ein favorittblomst


 Litt meir vår.



Denne kjøkkenhøna frå hønestigen min er plass på kjøkkenet. Etter Florøtur sist helg flytta dei rett inn der. Denne stigen sydde eg for eit tid tilbake. Eg har fleire varianter av den...




Klar for ny veke.

Klem
Lilla dør