mandag 12. januar 2015

Fru og herr



Eg strikka to glassmansjettar etter mønster og inspirasjon av Charlotte Kaae.  Mønsteret kjøpte eg på hennar Ravelry-shop. 

Jillt med to.  Det var ganske mykje arbeid på dei så eg trur kanskje det blir med desse to.


Prøvde dei ut på lørdag med sjokolade og krem. Knallgodt og jillt med friskluft sjølv om det var ganske frisk ute. Venta då på stormen Nina. Godt med overbygd terrasse.


Måtte pynte dei med restar av julesnopet.  Eg såg det var gjort på mønsteret, men eg likte dei best utan stav.


Perfekt lørdagslunsj i hagen





Serviett eg snopa i fjor.... eg er svak for servietter,  det er så mykje fint. Gir mykje inspirasjon og idear.


No står desse to kompisane på kjøkkenbordet klar til bruk,  eller bare til pynt. Januar er jo snømannens månad eller? Det einaste er at vi ikkje har fått noko snø ute ennå. :)

Klem
Lilla dør

Ha ei fin og kreativ veke.

søndag 11. januar 2015

Strandtur dagen etter uveret Nina hadde vore der


 Flott søndagstur på Borestranda. Måtte ned for å sjå korleis Nina hadde herja. Det bles forsatt godt. Det var ikkje mykje att av stranda. Helst skum og sjø heilt opp i sanddynene.


 Mykje graps, og stokkar hadde Nina lagt igjen.


 Sol og sjøskum
Så i dag var snøen bytta ut med sjøskum, kvitt og fint var det.







 Måtte vasse litt i det langs sanddynekanten. Klar til å flykte unna vist bølga slo inn.


 Sjøen gjekk nesten heilt i sanddynene. Landskapet forandrar seg fort der.



 Det varte ikkje lenge før sjøen skylte godt over kanten på piren. Eg anbefaler ikkje ein tur ut på den idag. Kanskje neste gong. Me er heldige som har slik fin turplass rett utforbi stova. Iallefall i gå avstand.



Takk for turen
Jillt med turfølge!

Klem
Lilla dør

lørdag 10. januar 2015

Sylørdag = glede = fantastisk


 Har store planer å sy meg ned i stofflageret mitt....eg har mykje jillt arbeid foran meg.
 Kva skal eg byrja på tenkte eg då eg gjekk på syrommet i dag:) Det fyrste eg sydde var dette i voksduk.


 Nett klar til bruk


 Små poser/vesker er allltid praktisk og gode å ha. Enten til ha strikkpinner i eller små ting:)
Sidan eg har sydd det i voksduk, tåler det også litt fuktighet enten regn eller sjøsprøyt. Er så heldig å ha fått meg ein liten open båt og strikk må eg jo ha med der og.


 Gult er kult



Ha fin kveld vidare. Det andre eg har sydd idag kjem eg tilbake til. Må fotografere det og legge til kanter med hånd....fin sofa aktivitet i kveld.

Klem
Lilla dør

onsdag 7. januar 2015

Stolt mor


 Jentene mine har strikka kvar sin genser i jula, ein acnegenser og ein skapellvariant.


Strikka i suri i plommerød og grå farge. Kjempefin.


 Skapellgenser. 
Eit av dei nye mønstera, bare at her har ho strikk med høg hals. På mønsteret var det v-hals.


 Julefristrikk.


 Strikka den i suri og mini alpakka.


Mamma er stolt.


Klem
Lilla dør

tirsdag 6. januar 2015

Nytt forkle på 5 minutter :)


Rett før avreise kom ei av dei håpefulle på at det hadde vore lurt med eit plastforkle siden neste prosjekt på Høgskulen er leire og kjeramikk. Etter litt ide myldring fann vi ut at å sy eit forkle av voksduk må jo være løysninga :))).  Ho sydde det av ein voksdukbit eg fann på syrommet (av og til er det godt med eit innhaldsrikt lager). 


Sydde på blomstrete skråbånd.


Klar til bruk. Eg gleder meg til å sjå produksjonen .......den blir nok knallbra.
Klem
Stolt mor og lilla dør

mandag 5. januar 2015

YES....Kofta er montert og levert



 Endeleg! Men litt flaut at det tok 4 - 5 mnd frå den var ferdig strikka til eg fekk den ferdig til levering. Godt eg ikkje driv butikk med montering av kofter.


 Kom over "pengeknappar" hjå Fat og Fe (www.fatogfe.no).  Eg brukte 50-øringer på kofta. 




Godt når mottakaren er tålmodig!
og veldig fornøyd med kofta.

mamma klem!

søndag 4. januar 2015

Strandtur er kjekt:)


 Idag fekk me oss ein fantastisk fin tur frå Sele til Hellestø, ein 7 km tur i sanddyner og langs stranda. 


 Jillt med tur saman med den yngre garde.


 Utsyn mot Feistein fyr



 Mønster i sanden. Skjere kunstbildet.



 Sjokolade med krem.


 Ny vottar med Kakemonsteret frå Sesam Stasjon.


 Hellestø


 Det bles friskt fortsatt .....sjølv om stormen hadde løya.



Go´e start på nyåret. 
Håper på mange goe turar i 2015.......Friluftsåret.

Klem
Lilla dør