fredag 19. september 2014

Helg igjen



 Det haustast på terrassen og. Her har eg tatt inn pionblad i vasen på stovebordet.


 Fine fargar....hausten er flott!


 Hortensia i melkeflaser og olivenoljeflasker gir hauststemning på kjøkkenet






 Sist helg kjøpte eg med ein fanastisk fruktte i Oslo. Fann den på "Matstreif". Den var dyrka og tørka i Hardanger. Den var kjempe goe. Blir nok ein slager så lenge me har;)



Trekte den tørka frukta i 5 minutter og teen var klar med mykje deilig frukt oppi.




God helg!

Klem 
Lilla dør

torsdag 18. september 2014

Strikkeglad tante


 Knallfine



Mi snart 90 år gamle tante strikkar og teiknar mønster sjølv på rute papir. Eg er veldig imponert. Vart veldig inspiret då eg var innom ho sommar. Har mykje å lære av ho.  


 Mange sokkar var ferdige i strikkekorga. Klare til å gi bort.



 Eige design.



Jentene mine fekk kvar sine då dei var innom i sommer. 
Tusen takk, dei kjem til å varme godt i vinter.

Klem
Lilla dør

tirsdag 16. september 2014

Oslohelg med mykje inspirasjon


 Fredagen var det Quiltefestival på Gardermoen. Fantastisk mykje fint å sjå og oppleve. Mange spennande butikkar. Det vart litt stoff med heim i kofferten. Denne gongen vart det ikkje kurs eller workshop.....kanskje ein anna gong. Men det var mange spennande kurs. Sjå meir her:
quiltefestival


sin butikk


Fine farga


Riley Blake design


Her frå Karl Johan på lørdagen. Bokfestival der og Matfestival på Rådhusplassen, så her var det litt for kvar smak:)






God tid til kafebesøk var det og......var mellom anna innom den nye United Bakeries kafeen på Karl Johan.



Her nokre eple frå Hardanger som eg fann på matfestivalen. 

No har det vore mykje påfyll og inspirasjon dei siste vekene så no gleder eg meg til nokre timar på syrommet.
 Eg skal ha nokre kurs i haust så det blir modellsying som står fyrst på programet.

Ha ei kreativ veke forsatt. Her på Jæren har me sommar fortsatt. Jillt når ein kan sitje på terrassen til seine kvelden med eller uten lyslykt.

Klem
Lilla dør

torsdag 11. september 2014

Snart midt i september


 Lyng, pyntekål. rognebær mellom anna pryder i ei urne ved hagehytta. Håper på strikkekveld i hytta der snart.......  



  Bjørnebær i hagen


 Så nå har eg frose ein del bær til å ha på is. I tillegg måtte eg prøve meg på syltetøy. Så eg kokte eit lite glas med bjørnebærsyltetøy. 


Ha fine haustdager.
Her på Jæren melder dei varmt og sol. Kan det bli bedre!

Klem 
Lilla dør

tirsdag 9. september 2014

Praha


 Helgetur til Praha. Fyrste helga i september og 26 - 28 grader knallsol:) ikkje feil det. Her foran klokketårnet. Me hadde ein guida tur med mykje informasjon og fekk oss fortald historien til byen.


 Masse flotte gamle og erverdige bygninger. Eg var ikkje flink til å fotografere på denne turen. Om det var varmen eller andre ting er eg usikker på.


 Var innom ein spennande stoff og garnbutikk. Garnet var mykje alpakka, merinoull og silke som var tvinna saman i fine fargekombinasjoner.
www.marlen.cz


Eg snopa litt garn men var forsiktig........ blir nokre pulsvarmare og lue er planen. Men foreløpig ligg det til modning og pynt til inspirasjon


Fin haustpynt og modningsplass på stovebordet føreløpig.


Den lokale husflidsbutikken var ein kjekk butikk :) Eg ann nokre fine keramikkmuggar der.
Dei bare ropte på meg. Knallfine var dei.............kan det vere snakk om kupp igjen :) trur nesten det.





 Ikkje alle smaua var like store. Her var ein passasje ned mot ein restaurant ved elva. Denne var regulert med trafikklys!



 Mykje gode kafestunder var det og. Med eller utan strikk eller med eller uten kanelbollar steikt på rull:) på gatehjørnet.




Klutestrikk.
Ha goe veke videre.......til helga er det quiltefastival i Oslo. Eg har tenkt meg innom på dagsbesøk då eg har planer om ein Oslotur for å besøke ei av prinssessene mine. Gler meg.

Klem
Lilladør

mandag 8. september 2014

Moldetur


 Eg var så heldig og fekk være med på ein konferranse i Molde i sist veke. Molde er ein flott by og den viste seg frå ei fantastisk flott side. Stilt, klar ver og sola var innom og.


 Seilet låg fanstisk flott til nede ved sjøen. Hadde nesten følelsen og være ombord i ein båt:) når ein såg ut.

Her er frå frokostbordet og morgonkaffien. 
Fantastisk:)))))



 Var innom Husfliden i Molde der dei selde desse fine Molde-vottane. Eg kjøpte med meg oppskrifta. Så no kan det bli rosevottar istaden for selbuvottar til vinteren. Fine var dei iallefall.



Strikkeposane med klutestrikk vart ivrig brukt på reisa og i ledig stunder. 




Her er produksjonen fotografert på Flesland medan vi venta på siste flyet heim etter to lærerike og jille dager i Molde.

Klem
 Lilla dør