fredag 18. april 2014

Fotland mølle




 Dei såg nesten ut som to påskekyllinger der dei var på veg til Fotland mølle i dag skjærtorsdag. Det regna godt i føremiddag. I grunnen eit lagleg ver til å vere litt kulturelle.


Kjempefin utstilling. Kan anbefalast på det varmaste.


Her er det Klara Phil som har vore kreativ:)

Mykje fine arbeid inne å sjå i mølla av dei ulike kunsthåndverkarane.
Her nokre små glimt:



Kaffipause er viktig!



Fantastisk fine omgivelser spør du meg.



Ned for å sjå på fossen.

 Ut på tur, finnes ikkje dårleg ver men bare dårleg klær, heite det visst.


Fotlandsfossen var stor idag




Mine to håpefulle døtre






Ynskjer dokke ei fin påske vidare. 
Velkommen til ny følger.

Påskeklem
Lilla dør

onsdag 16. april 2014

Celosia Bombay og Protea Nutans


 Er dei ikkje fine??? Var innom Sølvberget Blomster på lørdag og då vart dette helgas snop. Mykje blomster for under hundre kroner:). Og så var dei litt spesielle, håper dei står til over påske.



 Glimt frå stovebordet....til og med eit streif av sol.


Ein djup  oransje farge på Celosia Bombay blomsten


 Ha ei fin påske.... eg gler meg til påskefri :).


Klem
Lilla dør


mandag 14. april 2014

Gule kjøkkenklutar til påske


Eg har strikka meg tre nye kjøkkenklutar i bomullsgarn. Kanta/felte av med ein kontrastfarge.


Strikka dei på strikkemaskina


 Gult er kult
gult høyrer påska og våren til


 Grytekluten i rillestrikk er håndstrikka med dobbelt garn. Også sydd hempe på.


 Ton i ton i gulfargar. 


 Klar til bruk:) fyrst kan dei være litt bordpynt.




Takk for du såg innom bloggen . Ha gode og kreative dagar.
Med eller utan strikkepinnar. Her går det i fanakofte og litt småstrikk utanom.

Klem
Lilla dør

søndag 13. april 2014

Hageblomar som bordpynt


 Kjekt når ein kan plukke inn blomar frå terrassen til bordpynt til helga. Skal ikkje mykje til. Her har eg kombinert blomster, rosestearinlys og telys :) ein fin effekt.


 Gul stemor, forsytia og litt vintergrønt.




 Ha ein fin palmesøndag!

Klem
Lilla dør


lørdag 12. april 2014

Påskeegg fylt med .......



Dette gav eg vekk her om dagen .......


Egget innheld litt aktiviteter til påska og bitte litt sjokolade til kaffien.
I grunnen eit sunt påskeegg.


GOD PÅSKE!


Takk for du var innom her og ekstra jillt når du legg igjen eit livstegn!

Påske klem
Lilla dør

torsdag 10. april 2014

Litt kjøkkeninspirasjon


 Snart påske og gule og andre vårlege farger blir ein del av kjøkkenmiljøet mitt. Denne blomsterpotta frå Orla Kiely og skåla er Lucie Kaas frå Ann Clausen Design. Putene og duken er sydd av marimekkohåndkle tidlegare i år.


 Orla Kiely er ein designar eg likar. Eg er så heldig å ha to kakebokser med hennes design på :). Dei har eg no fylt med kakemenn i form av egg og harer. 




 Denne påskekakeboksen er fylt med havrekjeks:)



 Denne haren vart med heim frå Tyskland i vår.


Denne sauen lånte eg av ein kollega.  Den var vist til salgs på Jærmuseet.


Ha ei fin palmehelg!

Klem
Lilla dør

onsdag 9. april 2014

Samlar og finn fram stoff til jordbærteppet mitt


 Jordbærsesong og sommar nærmar seg. Eg har planar om sy meg eit teppe med jordbær til å ha på terrassen. Har fått fatt i eit mønster eg hadde lyst å prøve. Så no er eg i ferd med å samle i hop stoff. Hadde mykje i hyllene på syrommet men måtte bare kjøpe litt.....


Kjekke fargar og inspirasjon å jobbe med no


 Litt gamalt og litt nytt


 Desse snopa eg sist eg var i Florø hjå Frøken Fryd.


Skal bli bra dette..... det kjem meir etter kvart trur eg.

Klem 
Lilla dør