torsdag 14. november 2013

Min fyrste julegåve i år er klar:)




 Innpakningspapiret vart gråpapir med röd hyssing.......
Dette må nesten bli som Rema 1000 seier i reklamen;  det enklast er oftast det beste:)))


 Polkagristråd er fint og effektfullt synest eg.


Har snopa meg nytt stempel til julegåvene iår. Eg hadde svart stempel pute men eg trur eg må ynskje meg ei rød :)
Jillt du såg innom og la igjen eit spor.

Velkommen til ny følger.

klem
Lilla dør

onsdag 13. november 2013

Poser til strichery/broderiet


Sydde dei av bomullstoff med strichery trykk. 


 Vel i bruk


Løkka gjer det greit å bere det med seg.
 Kanskje eg kan selge slike eller lage nokre som julegåver. Jille å sy.


Takk for alle kommentarar eg har fått i det siste. Det varmar og gir inspirasjon.
Eg har hatt nokre god dager på syrommet denne veka. Har vore heilt fantastisk. Har i grunnen fått dukke litt ned og vore kreativ. Mellom anna fått planlagt litt kurs til neste år.

Klem
Lilla dør

mandag 11. november 2013

Glad i......


Begge desse har eg planar om å ta med på Svithuns husflidslag si julemesse i Frida Hansenshuset siste veka i november. Kjem tilbake til meir informasjon i eit seinare blogg innlegg.

  
Dompappen har eg laga av farga ulltopp




Tilbehøret strikka eg i finull. (strikkerester frå maskinstrikk)


Å sy figurer er kjempejillt, eg blir fort veldig inspirert når eg held på med det:)
Kunne ha tenkt meg lå aga mange men forløpig blir det desse to:)


Ha forsatt ein fin kveld og veke. 
Ut er det surt og regnar. Inne er det varmt og godt.

Klem
Lilla dør

lørdag 9. november 2013

Ryddelørdag på syrommet, - klar for ferie og kos



I føremiddag rydda eg syrommet. Og no er eg klar for å være litt kreativ der igjen. Skal ha nokre dager fri. Det skal bli fantastisk å kunne start dagen på syrommet. 
Og når ein ryddar så kjem mange ufoar fram. Nokre kjem eg til å gjere ferdig nå, andre må nok vente litt til:)


 Desse smånissane dukka fram. Dei har nok vore klar for montering i mange år. Kanskje i år kanskje ikkje :)


 Desse skal være med på ei salgsutstilling og er straks klare, vent og sjå. Plutseleg er dei der på bloggen.


 Mykje stoff ligge klar. Eg trur nesten eg kan starte stoff- og garnbutikk. Kven veit?


 Klar til bruk. Tenkte det hadde vore jillt å laga nokre snømenn på dei. Eg likar godt snømenn. Som dokke ser er det trongt om plassen hjå meg. Noko må henge høgt. Kanskje eg kan kalle det miljø?


 Klar til bruk 


Neste store prosjekt er å lage eit kursoppsett. Kjekt med litt press på seg. Eg blir nok litt meir kreativ då. Ikkje akkutrat vinter stoff men av og til må ein ligge litt i forkant:)


Inni mellom kan eg strikke litt julegåver. Har til og med rydda og støvsuga rundt strikkemaskina på syrommet mitt. No er den og klar. Gjett om eg skal nyte timane på syrommet. Med eller uten kaffi:). Ekstra jillt når eg har fått rydda meg inn etter ein lang pause frå syrommet.


God helg. Jillt du såg innom til meg.

Klem 
Lilla dør

tirsdag 29. oktober 2013

Blåbærmuffins på ein søndag eller ein tirsdag.



 Eg har baka blåbærmuffins av samme oppskrift som eg brukte på eplemuffinsane. Oppskrift her.


Nesten i det nostalgiske hjørnet.


 Blått er kult, men skjeldan brukt hjå meg. 


Dei blå muffinsformene er med blåbær og dei gylne eple.  Eg er veldig fornøyd med desse pappmufinsformen som fungerer kjempe godt. Dei eg har brukt her er av merket "House doctor". Du får kjøpt dei mellom anna på Ting. 

God ettermiddag med eller utan muffins.

Klem
Lilla dør

mandag 28. oktober 2013

Haustlauv som pynt


Ja alt som kan tas til heder og ære:) Løv frå hagen pluss kanstanjenøtter frå Stuttgart.
Fin fargemiks iallefall.


 Reinsdyret eller hjorten min frå London i fjor fann eg ut passa godt oppi det heile.


nesten i sitt rette miljø


 Håper min ide kan inspirer til litt annleis haustpynt. Ein finn mykje fint ute til å pynte med no.


Goé mandagskveld!

Klem 
lilla dør

søndag 27. oktober 2013

Noko er ferdig og samtidig er noko nytt på gang:)


I ettermiddag har eg halde på med å feste tråder på bildeveven eg klipte ned her for nokre veker sidan:).  Kjedelig arbeid...... men må gjerast.



Samtidig som eg fester tråder, planlegg eg den nye bildedveven.
 Eg har lånt med meg eit bilde av eit gamalt julekort frå 1946 av Ingrid Vinningland som eg går og vever hjå..  Me er ein gjeng som møtest nokre gonger pr semester. Me har det kjempejillt saman med mykje lått og løye.
Mi gruppe blir kalla "dei galne" eg kan ikkje heilt forstå det:-)


Eg har tenkt å veve fire av desse skjønne ungane. Titelen på veven blir "Ungane mine" :) Har ikkje problem å plukke ut mine "godassar"


Eit utsnitt av blomsterhagen min.


Takk for alle kommentar til dei siste innlegga. Og velkommen til nye følgere.
Goé kreativ veke og ha ein fin søndagskveld!

Klem 
Lilla dør