Eg har akkurat kome heim etter to veker på den franske reviera..... nærmare bestemt i Golfe Juan, ein liten by mellom Nice og Cannes. Franske korger høyrer då med enten vi skal av stad å handle dagens proviant eller skal på stranda med badetøy eller og strikk.
Inspirert av dei franske husfargane var det perfekt å strikke ein håndduk i bomull med garnet Havblikk, mens eg låg rett ut på solsenga.
Måtte jo ha med heim litt kaffimat:). Dei smakt godt.....har ennå litt igjen viss nokon vil smake.
Det har vore lite blogging i sommar, men eg reknar med at eg er tilbake no.........trur eg. Takkar for all responsen eg får. Det varmar og gir inspirasjon.
Ha ei fin veke.
Nyt restane av sommeren forsatt.
Eg har inntatt plassen min på terrassen, kvelden skal eg nyte der med nytt nummer av Lev Landig og ein kopp te.
Eg har inntatt plassen min på terrassen, kvelden skal eg nyte der med nytt nummer av Lev Landig og ein kopp te.
Klem
Lilla dør










































