fredag 16. november 2012

Pakke i posten


 Sjå det fantastisk flotte fargen på garnet eg fekk i postkassen igår. Resultat av at eg var innom  Pickles her om dagen. Falt for fargen, garnet og mønsteret: God morgon kjole. Garnet var i postkassen etter tre dager.


Det er igrunnen endå djupare gulfarger i virkeligheten enn det som kjem fram her. Gler meg til å starte, men fyrst må gjere ferdig genserane eg held på med....


Ha ein goe fredag:)
Snart helg!!!!!

 Klem Lilla dør

torsdag 15. november 2012

Juletre


 Sjå den flotte grana :).


 Var ein tur innom Ikea. Eg falt pladask for det flotte treet dei hadde fått inn i metervis. Ca 2 meter vart det for heile treet. Akt til den nette sum av 110 kr.


 No gleder eg meg til lage noko av det , Mange idear sviv i hovudet. Så følg med!  Egskal legge det inn på bloggen når eg byrjar å bruke av stoffet. Veggbilde? Gardin? Pute? Adventskalender? Juletre? Mange idear og muligheter. Kanskje eg må av stad å kjøpe eit tre til:)
Ha ein fin torsdag kveld.

Klem Lilla dør


tirsdag 13. november 2012

Ferie i november er berre fantastisk



Her er frå gangveien langs sjøen frå Purto Rico mot Amadores-stranda. Vår faste morgon tur:) Flott å ha 25 grader pluss i ei veke der ein berre kan lade batteria saman med godt reisefølge.


Amadores-stranda. 



Mykje flotte farger. Blomster floraern var stor. 


Mykje strikk og garn. Har alltid nok med meg av det...... panikk for at eg skal ha forlite. Litt av ferien for meg er å ha tid til slike sysler.


Her er eit sjal eg held på med i tynn alpakka og tvinni garn i rille strikk.


Ekstra morgon kaffi på stranda.....nesten i sol oppgang:)


Denne gong var vi på ein liten båttur mellom Puerto Mogan og Puerto Rico.


Her er det genser til ein av studentane i Bergen i "restegarnet" frå genseren eg nettopp er ferdig med til gubben. 


Litt hekling vart det og, så lenge eg hadde garn.  Fint arbeid på solsenga:)


Jillt du såg innom bloggen.

 Velkommen til nye følgere. 
Klem Lilla dør

mandag 12. november 2012

Farmengenseren - fargespørsmål


Eg har fått ein del spørsmål om fargane i farmengenseren eg brukte. Eg har sett saman fargane sjølv og ikkje fylgt mønsteret. Mellom anna kutta eg ut den mørkast brunfargen i botnen og brukte mellombrun. Fargane eg brukte (trur nummera stemmer) :)). Bunn  sfn 90,  farge 2 sfn 70, farge 3 blå 0512, farge 4 sfn 73, farge 5  sfn 10, farge 6 lysgrå litt usikker på nr på den.  Eg brukte garnet MITU alpakka/ull. Eg kjøpte garnet  og mønsteret ( Raumamønster /design ) hjå Anny Idestova på Bryne. 


Håper dette kan gi svar.
 Jillt at mange likte fargesamansetninga eg valdte.
Lykke til
klem lilla dør

søndag 11. november 2012

Blomar frå hagen


 Sjølv om det regnar og er ganske grått, er det herleg å kunne ta ein tur ut. Etter ein liten luftetur plukka eg med meg nokre blomar frå hagen. Kjekt det i midten av november. 


 Det gjorde seg iallefall på kjøkkenet. Det er jillt med blomster. 



 Klar for ettermiddagskaffi og pannekaker


Ha ein fine kveld.
Jillt å være heime att etter ei fin veke med ferie.

klem Lilla dør.

onsdag 7. november 2012

Hals til junioren



 Eg har strikka denne halsen med tre ulike ull/alpakkagarn (restegarn) :).  Fekk fram fine grånyanser på den måten.


 Falsk ribbestrikk; 
1. pinne rett
2.pinne 1 r, 1 vr ut pinnen.
Gjenta disse to pinnane.


 La opp 40 masker på pinner nr 6. Strikka fram og tilbake til ønska lengde. Maska saman til slutt.



Klem lilla dør!

mandag 5. november 2012

Uglepulsvarmere


 Design: Dale garn. Eg stikka dei i Royal alpakka frå Dale. Brukte nesten 50 gram i  Dueblå.




Eg har sydd på perler til auge på uglene til slutt.



Klem lilla dør.

Jillt du såg innom bloggen.
Velkommen tilbake, jillt når du legg att eit spor:)