onsdag 22. august 2012

"Onsdagssnop"


Eg var ein tur innom Lisi Design på Jærhagen på veg frå jobb og dette vart dagens snop.  Plukka dei i tilbudskorga og dei passar perfekt til prosjektet mitt for tida! Der temaet er haust. 


 No er klar for brodere og frihåndsquilte det andre teppet mitt. Eg held på å førebu meg på kurs i Florø midt i september. Gler meg.


 Flotte fargar?


Ha ein goé kveld...... min blir på syrommet!

klem Lilla dør.

mandag 20. august 2012

Skappelgenser


 Strikkefeberen med Skappelgenseren har nådd heimen.  Fredag som var anskaffa eg og den eine datteren min garn. Så no strikker vi om kapp. Bare det er kjekt i seg sjølv.  Det blir eit urtuleg mjukt og deilig strikk...fantastisk spør du meg.  Me strikkar i tynn alpakka og Iris( eit litt loddent garn). Genseren blir strikka på pinner nummer 7 så her går det unna.
 Mønsteret finne du her.   Mønster til genseren



Eg veit ikkje om eg treng seia kva som er mitt av desse fargane.


Ha goé kveld! Enten med eller uten strikketøy.

 For min del blir det ved symaskina. Inspiret av hausten og gummistøvler.
Truleg blir det eit lite veggpynt eller bordløper.

Klem Lilla dør.

søndag 19. august 2012

Tur til Randaberg


 I ettermiddag var vi innom eit vennepar på Randaberg. Sjå dennne koselege og frodige terrassen. Det var urne på urne med kraftige og frodige planter i flotte fargar.  Det gir inspirasjon å sjå og drøyme:))


 Her ser vi afrikansk lilje. Eg trur det var 19 blomsterknoppar på den i år. Kjempe stor. Den blir oppbevart i garasja om vinteren.  Eit syn!



Etter visitten innom Grødem på Randaberg gjekk turen langs sjøen frå Mekjarvik til Tungenes fyr der vi var på konsert med Vamp. 


 Flott område å gå langs svaberg og beitemark




På Tungenes var det  ein flott konsert med Vamp i sola og med utsikt til skipsleia nordover frå Stavanger. "Kan ei beskrivast bare opplevast" er det vist noko som heiter. Ca 2500 var på konserten. Etterpå fekk vi flott ein tur langs sjøen tilbake til bilen i Mekjarvik. På den måten slapp me køen og rusjet etter konserten. Tusen takk til gode venner på Randaberg for flott dag saman med dei. 

Ha ei fin og kreativ veke!


Klem 
Lilla dør.

fredag 17. august 2012

Hageprosjekt


 I mellom ferieturane i sommar har gubben holdt på  å fornye ein av uteplassane våre. Har lagt skifer og lødd ein benk av stein. Det har blitt ein flott uteplass til å nyte solnedgangen.


 Mange timer ligger bak eit kjempe flott arbeid.






 Me er nettopp ferdig og har ikkje fått så mange blomar ennå. Meir kjem etter kvart.  Nett no er det lyngen som fristar. Fantastisk flott farge som passar perfekt attåt steinen.




Har allerede hatt fine kvelder rundt grua der. Velkommen innom på bållukt og kaffi:) 

Ha ein fine fredagskveld.


 Eg skal ut og nyte den på terrassen.

 Ellers har eg byrja på nytt strikketøy idag. ( Lyt nok ha det med meg:)   Eg og den yngste prinnsessa mi enda med samme strikketøy men med ulike farger. Så no strikka me om kapp. Rett etter jobb idag var vi ein tur ut til Bryne hjå Anny på Idestova.

klem 

onsdag 15. august 2012

Ferdig, nesten iallefall


 I ettermiddag satt eg ute å quilta ferdig teppet for hånd. Etter at eg var ferdig med å frihåndsquilta haustblad på valde eg å punktquilta teppet i tillegg. Eg brukte lingarn og perlegarn for å få eit røffare og meir rustikt uttrykk på teppet. Det var herleg å sitje ute i flott ver og quilte og eg rakk å bli ferdig akkurat til det mørkna.



 Her se dokke koblinga mellom maskinquilta haustblad og punktquiltinga.


 Eg valde lilla kant.  Muffinsmotivet kjem ikkje fram men fargane passa godt. Jillt når eg kan plukke frå lager mitt:)




Ellers har eg byrja å sy på mugruger til haustbordet og kroppen til ei dame. Om det blir eplekone, halloweenpynt eller dørpynt til hausten er eg usikker på. Me ser:)

Klem lilla dør

tirsdag 14. august 2012

Haustblad


 Når eg frihåndsquilter slike store ting synest eg det er greit å bruke kjøkkenbordet. Stor og go´e plass. Slik at heile teppe får ligge på bordet:)). Dette er jillt arbeid, eg storkosar meg med slik saum. Eg trur eg må spørje om lov til at det kan ligge slik til eg ferdig, truleg i morgon kveld. Me ete jo dei fleste måltida ute allikevel i dette flotte seinsommerveret me no har fått her på Jæren.


 Det eine bladet etter det andre får sin farge og liv.



 Då er det kjekt med godt utvalg i ulike farger på tråden. Det å sjå opp i sytråd eska mi er ei  inspirasjonskilde i seg sjølv (spør du meg).  Og så er det ein stor fordel at tråden blir oppbevart i esker  eller eit anna lukka system slik at den ikkje blir støvete.  Det liker ikkje symaskina.:)))


 Her ligg noko stoff på vent....blir nok haustblad det og i ein elller annen form.


 I dag då eg kjørte frå jobb måtte eg innom Blomsterkvasten, blomsterbutikken som ligg like ved der eg jobbar. Desse flotte " haustkåla "og lyng lyste og ropa til meg.  No står dei på trappa og gir mykje inspirasjon. Bare sjå på dei fargane......fantastisk. Dei var kjempe fine. Igrunnen sant at kvar årstid har sin sjarm. 

Klem 
Lilla dør

mandag 13. august 2012

Ein liten milepel


 Idag tidleg, faktisk før eg gjekk på jobb, passerte eg 40 000 sidevisninger på bloggen. Heilt fantastisk, tusen takk til alle dokke som er innom.  Og så er det ekstra jillt når dokke legge igjen ein liten kommentar.  Kven er dokke alle som er innom? Noen er det iallefall. Håper eg klarer å inspirere dokke litt. Igrunnen burde eg kanskje ha feira, men det har det blitt lite av. Etter jobb idag var det hagen som stod for tur. Opprydding etter sommaren:). Fått renska opp i bed etc. Hatt goe hjelp:). 




 Sommerens store hage prosjekt vart ferdig i helga.  Det kjem meir bilde av det seinare i veka. Ettermiddagskaffi i sola, inni mellom trillebårene med graps og ugras, smakte her på nye trommelhagebordet. 


Studenten som reise tilbake til Bergen idag fekk med seg endå ei sydd pute. Stoffet har me kjøpt på Lisi Design.

Ha ein go`e kveld forsatt. Eg skal ut på terrassen og nyte den flott seinsommerkvelden. 
Det vart lite sying idag. Får ta det igjen i morgon, har to slumreteppe på gang:)). Det likar eg. Jo meir på gang jo meir idear og inspirasjon får eg. 

klem
lilla dør