torsdag 21. juni 2012

Rett plass til rett tid


 Sist helg var eg på rett plass til rett tid spør du meg...eit kupp igjen. Ein butikk skulle selge ut alt. Og det var rett i min smak så eg snpoa litt då til ein billig penge. Stol, fat og blomsterpotter. Så no helde eg på å lage meg eit rusta miljø i ein krok på terrassen. Det kan bli ein fin krok til å nyte morgonkaffien i når sola skinn. Gler meg.





Noko nytt og noko gammalt.... fin blanding.

velkommen til ny følger....alltid gildt det.
klem lilla dør

onsdag 20. juni 2012

Gjesterommet er klart for dei fyrste sommergjestene :)




Fekk hengt opp sommergardinene der. Desse har mormor sydd ein gong. Er veldig stolt av dei. Nydelig handarbeid. 


 Nydelig broderi kan eg med frimodighet seia. Sydd på tett bomullsstoff og truleg brodert med perlegarn.































No gler eg meg til besøk i morgon. Fint viss gjestene tar med seg heklenål nr. 2 eller og 2,5. Har ein ideog har garn til prosjektet.



Ellers reknar eg med at eg får broderikurs ihelga. Har fettfarger, nål og tråd:)
De skal få rapport om kva me fekk til:)
Reknar med litt shopping og :))))

klem
Lilla dør





tirsdag 19. juni 2012

Nytt syprosjekt på gang.


 Då eg var i Florø sist tok eg ein del bilde i frå hagen til mi gode tante. Ho er glad i rhododendronbuskane sine.  Ho har mange fargar og typer. No har eg overført nokre av bilda til stoff. Tenkte eg skulle sy ei brikke eller eit lite bilde til ho. Ho fyller snart år:)


 Har byrja plukke fram litt stoff frå lageret mitt. Brikka tek form.


Dette er gildt arbeid!

klem 
lilla dør

mandag 18. juni 2012

Lyslykter og vase


Eg er blitt inspirert av Tine til å sy lyslykter.  Men eg måtte ha min egen versjon.  Idag var det margaritter eg leika meg med. Dei har eg tatt frå eit sommarkurs eg hadde i Florø for nokre år sidan.:)  Har sydd dei i kvit, lilla og grå lin.




 Fyrst sydde eg desse som er inspirert av Tine sine:) 


 Lyktene er fine åleine eller saman i rekke. 





Nokre av dei kan utmerka brukast til vase og......slik som her med prestekraker og margarittar i :)))




Takk for alle kommentarer, gildt at akkurat du såg innom. Fint du som skrive som annonym skrive enten bokstavane dine, namn eller eit lite tegn slik eg forstår kven som skriv. Ekstra gildt då. Men sjølvsagt bare eit ynskje.

Ha goé og kreativ veke. klem 

Lilla dør






søndag 17. juni 2012

Ny kjøkkenlampe


Laurdagens prosjekt. Ny lampe på kjøkkenet. Hadde vore på handel dagen før og fått fatt i nokre flotte fuglar på salg hjå ein butikk som skulle selge ut:)  Så kom idéen. .....Ny kjøkken lampe.!!!!!! Jakta på ribba lampeskjerm gjekk heller dårleg. Inntil me kom på at vi kunne bruke ei korg snudd opp ned:))). Så fortsette jakta etter ei slik korg. Fann denne blomsterpotta med laust strengegitter rundt ei stålpotte. Gubben tok seg av monteringsarbeid av sjølve lampa Han er kjempe goè . Medan eg har pynta den med masse fugler..... teamwork er tingen.







Fuglane var så fine at det vart trongt i buret. Men det heiter jo at der det er hjarterom er det husrom.




 Nokre fuglar nyt usikten frå vinduskarmen på kjøkkenet ennå :)




Ha ei goe veke start....snart sommar og ferie.
klem 
lilla dør

lørdag 16. juni 2012

I det romantiske hjørnet igjen


 Eg  hadde 1 meter rosestoff frå Åhlens....kva kan eg få ut av det ?????


 Det vart to puter ( ei stor 70 x 50 og ei lita 30 x40 ) til terrasssen i sittegruppa der. I tillegg fekk eg nok til eit sommernett. Ganske fornøyd med alt eg fekk av den meteren:))))


Klar for handletur, strandtur eller ut med stikketøyet! 



 Fora nettet med stoff i djup rosalilla farge og sydde på eit breitt bendelbånd til hank på nettet, Det var ikkje ein cm igjen av stoffet, ein go´e følelse.








torsdag 14. juni 2012

Popcorn-hortensia


 Kom over ein fantastisk flott hortensia her om dagen. Dei kalla den popcornhortensia. 


 No er det store spørsmålet om den vil trivast i mitt selskap. Den skulle være grei til få til og overvintre. Me får sjå.


 Nydelig blålilla farge. 
klem Lilla dør