onsdag 21. mars 2012

Vår i lufta....


I går fann eg dette bladet på butikken....eg kjente vårgleden med ein gong. Tenk no er tidspunktet til å byrja rydde opp og komme oss ut i hagen. Tenk å ta kaffikoppen med ut og nyte vårsola. Gler meg til helga. Gode vermeldinger og.  Og så har jo eg mykje god inspirasjon etter turen til Bergen så det blir nok litt sying og litt strikking og........


Fleire enn eg som har funne ut at lilla er ein flott farge:)))))))


Nyt våren. Eg har fått eit brett med fiolar i hus....... Pynte litt inne og litt ute.

klem 
Lilla dør

tirsdag 20. mars 2012

Rapport frå Bergensturen sist helg.......


 Vel heime igjen etter ei fantastisk flott helg i Bergen. Mykje inspirasjon og mykje gildt. Mange gode kafebesøk med gode venninner, quiltegryte med foredrag, utstilling av tepper, "show and tell" av mykje flotte arbeid laursdagskvelden.  Fekk ta turen innom standen til Bernina.....  alt i alt ei kjempe flott helg. Takk til styret i NQF for flott arrangement.... gleder meg til neste gong. Kan verkeleg anbefale det. I tillegg til gode foredrag var det mange flotte butikker. Eg såg at bloggen til Abyquilt hadde lagt ut mange bilde frå butikkane på årsmøtet. Sjå her:http://abyquilt.blogspot.com/2012/03/norwegian-quilt-associations-annual_19.html           



 Eg snopa med meg heim litt stoff, mønster, knapper og tråd..... blir ikkje arbeidsledig med det fyrste. Litt tid til tur på byen i Bergen vart det og.  Mellom anna kjøpte eg meg Rosa/Lilla sko som passa godt  til ei slik fargerik helg i Bergen. Stoffa eg kjøpte var heller i dei duse fargeskalane. Vinter- og vårfarger. Eg tok nok ut fargane med dei Rosa/lilla skoa på. :))))))


På laurdag var det bloggforum...artig. Så no er eg blitt ein av Nqf`s quilteblogggere- :))). Eg håper og trur at bloggforum er kome for å bli på årsmøtehelga. Sjå også på bloggen til Nqf for meir innforasjon om helga. NQF.no


Klem Lilladør. 

Klar for syrommet i kveld......iallefall rydde litt der.


fredag 16. mars 2012

Er reist på tur........


Ynskjer dokke ei riktig god helg, med bilde av ein blomst eg fekk no i veka. Det varma, fekk til og med eigendesigna kort.....kanskje blir kortet til inspirasjon til ein liten quilt. 

Lilla dør er reist til Bergen :) 
Kjem tilbake med glimt frå helga på bloggen i neste  veke.




onsdag 14. mars 2012

NQF årsmøtehelg i Bergen


Kva skal eg sy av dette tru? Eg er litt usikker så eg trur eg skal vente med det til etter Årsmøtehelga i Bergen:) 
No gleder eg meg og er klar for å reise til Bergen. Har vore på fleire årsmøte i Norsk Quilteforbund før. Alltid like kjekt å treffe andre quiltarar. Uveksle erfaringer og bli inspiret av kvarandre. I år gleder eg meg spesielt til bloggforumet der eg kan treffe andre bloggarar. Det blir spennande......
Er har for anledningen lagt inn link til NQF sine sider på høgresida på bloggen. Trykk på den fine logoen. 


Eit glimt frå påskeløperen min.

Gler meg til å treffe deg på årsmøte.
Er det andre som skal på bloggforumet?

Klem Lilla dør.

tirsdag 13. mars 2012

Eggeproduksjon på ein måndagskveld


 Eg hadde invitert nokre damer på eggproduksjon i hytta igår kveld. I form av strikking eller hekling. Så då vart det ein kveld med egg i alle varianter som kjeks, sjokolade, tomater, hekla og strikka egg :).




 Mitt hekla egg med krone og føtter. Har hekla det rundt eit isopor egg.


 Hege sine strikka egg, har hengt dei i pilbunten min. Denne pila fekk eg ifrå Voll Juletregard og greinene   er lilla!!!!!!. Busken har eg tørka, slik at eg kan ha den til å henge ting og tang i. Akkurat no er det egg som har fått plass der.


 Me brukte oppskrifta til Arne og Carlos sine påskeegg til dei strikka egga. Det vart  produsert mange flotte egg. Bare sjå nedanfor....... litt av det som vart produsert:))))


Eg tenkte det hadde vorw gildt å fylle ein eggekartong med stikka egg. Difor strikka eg mine i alpakka på pinner nr 2, då passa dei i eggekartongen.


 Her er det eit hekla egg og eit strikka egg( nedre delen og øvre delen vart hekla.) Det gjeld å lage sin eigen variant :)) Hege og Anny sine egg.


 Marit strikka med hare i lyse flott vårfargar.


Gerd sitt egg med påskekylling.....


Andrine sitt lilla med hjerte.
Var dei ikkje flott?

Eg fekk desseverre ikkje bilde av alle sine egga men det vart produsert mange egg.


Me må nok ha fleire slike kvelder i hytta... med eit nytt tema sjølvsagt. Har ein plan.

 Klem Lilla dør

Kjekt du såg innom bloggen.



mandag 12. mars 2012

Topplue eggevarmarare


 Klar for eggkoking:)


Til dette prosjektet testa eg ut dei nye strikkepinnane eg fekk. Firkanta pinnar, dei var kjempe goè å strikke med.  Dei selger dei hjå Anny på Bryne - Idestova.



 Eg strikka dei i Alpakka. Ideen såg eg utpå eit strikkemagasin som ei venninne hadde med seg på ei strikkeforening. Bladet heite Filati. Eg har ikkje fylgt den oppskrifta men tok ideen derifrå:))) Eg la opp 34 masker og strikka rett opp og felte av lua på dei to siste omgangane, laga dusk rundt to papprundinger og sydde den på lua.


Artig å strikke. Kjekk å bruke. 



Ha ein fin mandagskveld! 

Klem
Lilladør.

søndag 11. mars 2012

Ullbukse


Yngstejenta har strikka ei kjempe flott ullbukse i barselgave. Ho strikka den i alpakka etter eit Dropsmønster. Eg trur det er det fyrste plagget ho har spøta uten om skjerf og lue. Eg er igrunnen heilt imponert. Brukt mønster og funne ut av det sjølv, det lovar godt. 


 Detaj frå nede på foten


 Livet....


Mønsteret - perlestrikk


Lykke til vider med strikkinga ....du er kjempeflink! Godt jobba!

Klem frå stolt mamma