lørdag 17. september 2011

Kurshelg!

Me har ei kjempe spennande kurshelg. Eg er glad me ennå har ein dag igjen. Me strikkar litt og ekspimiterer mykje.  Har ein kjempe dyktig lærar frå Danmark. Så no må det bli strikka mykje kreativt på Jæren. Tenkjer mange har fått mykje inspirasjon og nye idear å jobbe ut ifrå. Sjå bare det flott motivet med all dei flott fargane. Me strikkar i ull, alpakka, lin,bomull, polyester etc.



Her har eg arbeid på gang på strikkemaskina mi.


Her arbeid klar for damping. Resulatet mitt av den lyse rullen skal eg leggje ut i morgon. For eg håpar eg blir ferdig med det då. Planen er at det skal bli ein hals.


Her blir det dampa i ei gamal hermetiserringspanne. Rull på rull :)))


Her held eg på å brette tynt ullstrikk. Som eg fyrst har strikka på strikkemaskina. 


Uten mat og drikke duger helten ikkje. Mannen til ei i komiten hadde  laga tapaslunsj til oss. Tusen takk!  Det var bare fantastisk godt. Så her er det bare å glede seg til lunsj i morgon og.


 Ha ei fin lørdagskveld.  Eg er klar for litt håndstrikk no. 
GOD HELG!

Klem lilladør.

torsdag 15. september 2011

Haust kveld



 Har kjøpt  meg eit  nytt blad idag.   M by M  - made by me, kreativ redaktør Tine Solheim.   Mykje flott strikk.  Mykje eg kunne ha tenkt meg å strikka men så er den tida.  Men ein ting er iallfall sikkert, det er gildt bare å sette seg ned i sofakroken med ein kopp te, tenne levande lys og bare nyte kvelden og hausten!   Kan anbefalle bladet.  Du får garantert lyst til å få deg eit strikketøy,  enten genser, pulsvarmer, lue etc. Du får kjøpt bladet i vanlege dagligvarebutikkar mellom anna. 



 Ellers holder eg på strikke meg eit sjal . Isager garn.


 Litt levande lys saman med litt lilla blomster frå hagen.   Og ei skål med rognebær .....og så måtte eg ha ein lilla blomst med der og.




Ein av mange haustløparar er komen fram igjen. Denne har eg er applikerte fugler på og frihåndsquilta. Mønsteret og inspirasjonen kjem frå Anne Beier Finnestad.  Løperen går i brunsvarte toner.

onsdag 14. september 2011

Ullfestival på Bryne - Lilladør skal vera med








Eg har med for salg diverse strikkeposer, litt maskinstrikk som halsar, sjal, pulsvarmarer etc. 




ULLFESTIVALEN på BRYNE  er 30 september og 1 oktober 2011 . Det blir ;

2 dager med fokus på garn og strikking, visning av høstens moter. Her vil det vises strikka lamper,krakker , puter, pledd , tepper , tunika, genser og tilbehør. Masse gode tips og ideer til julepresanger eller bare litt høst-shopping.

Lokale utstillere stiller også. Samt masse andre kanontilbud på varer hos Spar, Europris, Idestova og Marihøna.

Utstillere i tillegg til Idestova er : 

Kari Grødem - Se bloggen hennes. www.lillador.blogspot.com 
Skal stille ut sydde strikkeposer, maskinstrikka halser , skjerf etc.

Marit Rosland - Design og strikkehandtverker. Vil vise tova produkter. Jakker , kåper , gensere og en del andre småprodukter.

Ingeborg Lura - Husflidhåndtverker. Mohairgarn, håndspunnet garn og masse annet spennende. Se hennes hjemmeside : www.ullrommet.no

Velkommen skal dere være til en flott garnopplevelse og en trivelig handel...

Førebuing til kurshelg

Eg skal på kurs i helga med Dorthe Merete Lykke Jensen frå Danmark. Strikkeklubben min er arrangør. Temaet er manipulasjon med formfiksering av tekstiler. Dorthe har henta inspirasjon frå dei japanske shibori teknikkane mellom anna. Ikkje farging men damping.  Som førbuing til dette har eg byrja å strikke opp litt prøvelappar og sjal som eg kan bearbeide på kurset. Gleder meg. Det blir nok spennande. Me kan lage små ting som pulsvarmarar, lampeskjerm, sjal, puter, etc.






Rosa silke




Tynn lin




Gammalt tynt gulna bomullsgarn




Sjal i tynt ullgarn.

Forhåpentlegvis kan eg legge inn resultatet etter helga. Så følg med! :)

mandag 5. september 2011

Linstoff


Igår var me ein dagstur innom bade- og kurbyen Jurmala på veg heim frå Riga. Der kom eg over ein stoffbutikk som selde flott linstoff på rull. Den rosa og offwhite tenkte eg til duk eller løper. Dei to andre blir enten kuvertbrikke/løper eller koppehanduk. Så kanskje kan Lilladør selge ferdig sydde håndduker? Eller kanskje det blir julegåver.



Desse to linstoffa var ca 55cm bredda på. Som sagt fine til handkle og kurveløper tvers over bordet . Flotte mønster i dei ! Sjå det er lilla stripe i det eine av stoffa til ære for lilladør kanskje velger å tru det ....







Her er nokre bilde frå den flotte stranda i Jurmala som og er kjent for alle spa-hotella som ligge på rekke og rad.








Det var ein flott seinsommardag der igår med sol og godt over 20 grader.

søndag 4. september 2011

Litt meir Riga



Flotte georginer frå ein av mange blomsterhandler på fortauene i Riga .














Strikke butikk! Mykje flott garn, noko frå Latvia,Rowan og frå Italia! Legg merke til strikka takrenne nedløp!!!




















Tines butikk garn og strikk frå Lativa.

fredag 2. september 2011

Riga

Gatelangs i Riga i dag. Flott haustdag med sol og go'e stemning. Me hadde guida tur i gamlebyen. Etterpå gatelangs på jakt etter garn og andre husflidsprodukter;
















Fann litt tynt ullgarn frå Latvia. Valget fall på naturfarga pluss litt lilla då. Det er viktig med lilla for lilladør :)




I tillegg litt håndstrikk frå Latvia. Dei er strikka i tynt ullgarn og mønster ...




Desse sokkane er maskinstrikka med reinsdyrmotiv.




Godt med sekk å putte god sakene i når me kjem over dei. Kanskje blir det litt garn i morgon og. Har ikkje komme over lingarn ennå men masse ferdig strikka ting i lin.