I det eine kjøkkenvindauget har eg sydd om ein gammal brodert duk eg hadde arva. Hadde lege i mange år sidan han var for smal til bordet. Har lenge hatt planar om å bruke den til gardin. Det vart sommarleg på kjøkkenet med eingong.
Detaljbilde frå broderiet. Flott brodert og mykje arbeid. Godt at den kom til heder og ære igjen!
I vidaugskarmen er det god plass til te mellom anna. Eg har vore på Tehuset i Stavanger og kjøpt rabarbrate og urtete .
Her har eg fått opp sommargardinene i det store kjøkkenvindauget. Ein kombinasjon av stripete bomullsgardiener og einsfarga eplegrønn lin.
Ei gamal skål eg fann på Fretex har fått plass i vindaugskarmen med blomster i. Sjå det flotte motivet på den, nesten som eg kunne ha brodert det:)
Ein gamal gelepulverboks er blitt til kakeboks . Ei av jentene har fylt den med gode sjokolade kjeks.....