mandag 6. juni 2011

Ny bok


Ei flott bok som må opplevast! Heilt fantastisk spør du meg. 
Sanselig sommer. Vakre hjem og herlige sommerideer fra inspirerende interiørbloggere. Franciska Munck-Johansen (red.)

Kveldsdis på Jæren

Utsikt frå stoveglaset mot Feistein fyr sundag kveld.

søndag 5. juni 2011

Forsatt i det romantiske hjørnet!!!!!

Det må vere sommeren som inspirer meg til å strikke i bomulsgarn og i tillegg til å være i det romantiske hjørnet! Toalettveska er strikka på strikkemaskina med hullkort og i to fargar bomullsgarn frå systrene Grene. For vera heilt ærleg vart den til etter eg hadde strikka eit håndkle men syntest det var for smalt til det, men passa perfekt til å sy toalettveske av. I tillegg har eg hekla roser som dekor og sydd mjuk voksduk som fór i veska.  

 Strikka håndkle og kluter i tillegg.



 
 Desse klutane er strikka for hand i ulike mønster.


torsdag 2. juni 2011

På fargevandring i hagen!

 Bli inspiret av dei flotte fargene som er ute no! Eg tok ein runde rundt huset.
 Fekk lyst sy eller strikke ei teppe....men iallefall la fargane tale sitt språk......











Herresokkar!


Jammen kan ein finne mønster og farger til og med i herresokkar. Fant dei på eit tilbudstorg her om dagen 12 par til kr 99,-- Det vart nok for fargerike for gubben men junioren likte dei ....var det ikkje flotte fargekombinasjoner?

søndag 29. mai 2011

Toalettveske


 Toalettveske i lin med gammal hekla brikke som dekor. 

Detalj av heklet som er i tynt  tynt garn. Heklet har eg funne på Gjenbruken på Kleppe.



Frå Jærdagen til tapas i Nordhellvegen

 Her ser ein litt av snadderet me kjøpte på Jærdagen.
 Rababrasaft frå Köhlerpaviljongen på Nærbø.

 Diversse oster frå Nederland og Italia og Knudost (kvit geitost) frå Aurenes i Time. Og Jakobs brød Storhaug i Stavanger.

Serrano skinke fra Spania og diverse spanske spekepølser.


Sylta gulrot og sylta grøne tomater (Jærkokken) og italienske oliven.
Gubben har laga fantastisk pesto av parmesanosten han kjøpte på Bryne. Kjempe god,  bare kom og smak. Velkommen! Alltid gildt med besøk.