tirsdag 16. september 2014

Oslohelg med mykje inspirasjon


 Fredagen var det Quiltefestival på Gardermoen. Fantastisk mykje fint å sjå og oppleve. Mange spennande butikkar. Det vart litt stoff med heim i kofferten. Denne gongen vart det ikkje kurs eller workshop.....kanskje ein anna gong. Men det var mange spennande kurs. Sjå meir her:
quiltefestival


sin butikk


Fine farga


Riley Blake design


Her frå Karl Johan på lørdagen. Bokfestival der og Matfestival på Rådhusplassen, så her var det litt for kvar smak:)






God tid til kafebesøk var det og......var mellom anna innom den nye United Bakeries kafeen på Karl Johan.



Her nokre eple frå Hardanger som eg fann på matfestivalen. 

No har det vore mykje påfyll og inspirasjon dei siste vekene så no gleder eg meg til nokre timar på syrommet.
 Eg skal ha nokre kurs i haust så det blir modellsying som står fyrst på programet.

Ha ei kreativ veke forsatt. Her på Jæren har me sommar fortsatt. Jillt når ein kan sitje på terrassen til seine kvelden med eller uten lyslykt.

Klem
Lilla dør

1 kommentar:

  1. Ser ut som om du har hatt en flott tur! Gøy å oppleve noe nytt :)
    Deilig å nyte kveldene ute nå - jeg koser meg masse i hagestua enda :)

    SvarSlett